underart i planteriket From Wikipedia, the free encyclopedia
Voksmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca) er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.
Voksmarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. incarnata | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca
(Wüstnei ex Boll) Hunt & Summerh. | |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Land rundt Nordsjøen og Austersjøen | ||
Voksmarihand høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta.[2] Han har tidlegare av og til blitt rekna som ein eigen art med namnet D. ochroleuca, men blir i dag teke med i engmarihand-komplekset som underarten D. incarnata ssp. ochroleuca. I Sverige og Danmark er voksmarihand ikkje rekna som underart, men som varietet (D. incarnata var. ochroleuca).[3][4] Det svenske namnet er vaxnycklar og det danske hvidgul gøgeurt.
I Estland er voksmarihand rekna som underart, men er òg registrert som eigen art (D. ochroleuca), som varietet (D. incarnata var. ochroleuca) eller som form (D. incarnata f. ochroleuca) av engmarihand.[5] I Litauen er voksmarihand rekna som eigen art.[6]
Norske underartar av D. incarnata er nominatunderarten grasmarihand (ssp. incarnata) og dynemarihand (ssp. coccinea).
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for denne arten.[7] I Plants of the World Online held ein fast ved voksmarihand, dynemarihand, blodmarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[8]
Det finst eit belagt funn i Trøndelag frå 1890,[9] men seinare omtalte funn i Noreg er ikkje stadfesta.
I Sverige er det registrert spreidde funn i den sørlige delen av landet, mest på Gotland og Öland, men han er ikkje vurdert separat for raudlista[3] I Danmark er det funnstader nord på Sjælland og på Møn, og han blir rekna som sterkt truga (EN).[4]
I Storbritannia er voksmarihand berre funne nokre få stader heilt aust i England. Underarten er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[10] I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR),[11] på same måte som lokalt i England.[12] Eit mogleg funn vest i Irland er ikke stadfesta, og arten er ikkje vurdert for den irske raudlista.[13]
I Estland veks underarten (estisk namn kollakas sõrmkäpp) mest på øyane og vest på fastlandet. Han er rekna som nær truga (NT).[14] I Latvia er underarten (latvisk namn iedzeltenā dzegužpirkstīte) rekna som sjeldan,[15] men er ikkje vurdert separat.[16] I Litauen finst voksmarihand (litauisk namn gelsvoji gegūnė) spreidd over landet i små populasjoner og er rekna som sterkt truga (EN).[6][17]
I Litauen er det registrert hybridar mellom voksmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × incarnata ssp. ochroleuca eller Dactylorhiza incarnata nothossp. versicolor).[18][6]
I Sverige er det registrert hybridar med nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis av kongsmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×aschersoniana nothossp. templinensis).[19][20]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.