planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Stormarihand (Dactylorhiza praetermissa) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Stormarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. praetermissa | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza praetermissa
(Druce) Soó | |||
Økologi | |||
Utbreiing: | nordlege og vestlege Europa | ||
Denne orkideen er i somme kjelder rekna som ein underart av kongsmarihand med namnet D. majalis ssp. praetermissa. I den norske Artsdatabanken står han med artsnamnet D. praetermissa, og det same gjer han i Estland.[1]
I Gyldendals store nordiske flora er D. majalis ssp. integrata ført opp med det norske namnet stormarihand.[2] Hedrén mfl. (2012) seier at dette er den same orkideen som Artsdatabanken kallar stormarihand, og som er registrert med eit omdiskutert funn på Stadlandet,[3][4] eit funn som blir avvist av Hedrén.[5]
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) er artsnamnet D. praetermissa (og dermed òg underartsnamnet D. majalis ssp. praetermissa) avvist og ført opp som synonym til D. majalis ssp. integrata.[6] Omvendt nemner WFO – The World Flora Online og Plants of the World Online planta som D. majalis ssp. praetermissa (med D. majalis ssp. integrata og D. praetermissa som synonymnamn).[7][8]
I Nederland er det oppført ein varietet D. praetermissa var. junialis, som er ganske vanleg over heile landet.[9] Dette er den same planta som i Sverige og Danmark har namnet D. majalis ssp. integrata var. junialis. I Belgia er arten ført opp med dei to underartane D. praetermissa ssp. praetermissa og D. praetermissa ssp. integrata.[10]
På dei britiske øyane er stormarihand (engelsk namn southern marsh orchid) vanleg i England og Wales. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[11] på same måte som lokalt i England og Wales.[12][13]
I Estland er stormarihand (estisk namn lääne-sõrmkäpp) registrert med nokre få funn på Saaremaa og er rekna som kritisk truga [CR].[1]
I Benelux er stormarihand (nederlandsk namn rietorchis, fransk namn orchis négligé) ganske vanleg i Nederland, mest i kystnære strøk. I Flandern i Belgia veks han noko meir spreidd, mest i kystnære strøk, medan han er svært sjeldan i Vallonia.[14][15] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[16] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[17][10] I Luxembourg er han òg rekna som kritisk truga (CR).[18]
Hybridar mellom stormarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. praetermissa) er registrert i England og Wales, men er ganske sjeldne.[19] Han er òg registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza incarnata × praetermissa).[20]
Hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. praetermissa eller Dactylorhiza ×grandis nothossp. grandis)[21] er ganske vanlege og er truleg den vanlegaste orkidéhybriden i det sørlege England.[19] Denne er òg kjend frå Nederland (der som Dactylorhiza fuchsii × praetermissa eller Dactylorhiza ×grandis).[22] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. praetermissa) er på langt nær like vanleg i England,[19] men er noko vanlegare i Nederland (der som Dactylorhiza maculata × praetermissa eller Dactylorhiza ×hallii).[23]
Hybridar med smalmarihand er registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza praetermissa × sphagnicola).[24] Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × majalis ssp. purpurella eller Dactylorhiza ×salteri)[25] er svært sjeldne og er berre funne i Wales. I England er det òg funne hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis.[19] I Nederland har ein registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. majalis (Dactylorhiza majalis ssp. majalis × majalis ssp. praetermissa eller Dactylorhiza majalis nothossp. godferyana, alternativt Dactylorhiza ×godferyana).[26][27] Dette er då truleg den same som òg er funnen i Danmark (der med namnet Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis).[28]
I Nederland er det òg registrert eit funn frå 1980-talet av ein hybrid med Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis (Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis × praetermissa eller Dactylorhiza ×paridaeniana).[29]
Stormarihand kan òg danne intergeneriske hybridar (hybrid mellom ulike slekter) med praktbrudespore (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia densiflora eller ×Dactylodenia ettlingeriana)[30] og med grannbrudespore (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia borealis eller ×Dactylodenia lacerta).[31] Dei er registrerte i Sør-England.[19]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.