Break Every Rule
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Break Every Rule er det sjette soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut på Capitol Records i 1986. Det var oppfølgjaren til det særs suksessrike comebackalbumet hennar, Private Dancer, som kom ut to år tidlegare.
Remove ads
Remove ads
Komposisjon
Den originale A-sida til vinylplata var produsert av Graham Lyle og Terry Britten, teamet bak hitsingelen hennar «What's Love Got To Do With It» frå 1984, medan B-sida inneheld songar produserte av Bryan Adams, Bob Clearmountain, Mark Knopfler og Rupert Hine. Av elleve songar på albumet vart heile åtte av dei gjevne ut som singlar, anten i Europa eller USA eller begge. «Typical Male» (U.S. #2) med Phil Collins på trommer, «What You Get Is What You See» (U.S. #13) med Eric Clapton på gitar, «Two People» (Spania #1, U.S. R&B #18), David Bowie sin «Girls» (Poland #11), «Back Where You Started» (U.S. Rock #9) skriven i lag med og produsert av Bryan Adams, «Afterglow» (U.S. Dance #2) med Steve Winwood på klaverinstrument, «Break Every Rule» (Polen #15) skriven i lag med og produsert av Rupert Hine og «Paradise Is Here» (Irland #24).
Dei fleste av 12"-singlane som vart gjevne ut frå albumet inneheldt lengre eller alternative miksar av songane, konsertopptak og songar som ikkje var med på albumet. Dei fleste av desse versjonane er aldri blitt gjevne ut på CD. Turner spelte òg inn andre spor under innspelinga av albumet med Steve Lillywhite og Bryan Adams som heller ikkje er blitt gjevne ut.
Etter Break Every Rule spelte Turner inn duetten «Tearing Us Apart» med Eric Clapton, som var med på det Phil Collins-produserte albumet hans frå 1986, August og gjeven ut på singel tidleg i 1987.
Remove ads
Kommersiell suksess
Det førre albumet hennar, Private Dancer, sette ein høg kommersiell standard, men Break Every Rule selde òg særs godt verda over. Det nådde fjerdeplassen på Billboard 200, andreplassen på UK Albums Chart og gjekk til topps i Sveits og Tyskland (i 12 veker). I USA selde Break Every Rule til platina,[3] for 1 million selde eksempar. Det selde òg til platinaplate i somme land i Europa, som Tyskland og Storbritannia.
Remove ads
Turné
Turner drog ut på ein enorm verdsturné for å marknadsføre albumet, inkludert ein konsert i Rio de Janeiro føre eit publikum som talde 180 000. Konserten vart filma og gjeven ut på heimevideo. Andre konsertar i Europa vart fanga til lydband og gjevne ut som konsertalbumet Tina Live in Europe i 1988.
Innhald
Remove ads
B-sider
Medverkande og produksjon
- Spor 1-6 arrangerte og produserte av Terry Britten. Innspelt av John Hudson, med assistanse frå Mike Ging. Miksa av John Hudson. Tessa Niles: korvokal (alle); Terry Britten: gitar og bass (alle), trommeprogrammering (spor 2, 4 & 5), korvokal (spor 3, 4, & 5); Phil Collins: trommer og perkusjon (spor 1 & 6); Jack Bruno: trommer og perkusjon (spor 3 & 5); Tim Capello: Saksofon (spor 1).
- Spor 7 arrangert og produsert av Bryan Adams & Bob Clearmountain. Innspelt og miksa av Bob Cleasrmountain, med assistanse frå Steve Rinkoff, Paul Hamilton, Mark McKenna & Richard Moakes. Bryan Adams: rytmegitar, piano, korvokal; Keith Scott: sologitar; Tommy Mandel: orgel; Dave Taylor: Bass; Mickey Curry: trommer; Jim Vallance: perkusjon.
- Spor 8 & 11 arrangert og produsert av Rupert Hine. James West-Oram: Gitarar. Rupert Hine: alle andre instrument, korvokal
- Spor 9 & 10 produsert av Mark Knopfler & Neil Dorfsman. Innspelt og miksa av Neil Dorfsman, med assistanse frå Richard Moakes. Mark Knopfler: gitar; Guy Fletcher: klaverinstrument; Albert Boekholt: programmering; Micky Feat: Bass; Jamie Lane: trommer; Frank Ricotti: perkusjon; Samantha Brown, Margot Buchanan, Jimmy Chambers, George Chambers: korvokal
- Mastera av Stephen Marcussen & Stuart Furusho ved Precision Lacquer i Los Angeles
Remove ads
Lister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Singlar - Billboard (USA)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads