kanadisk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
James Douglas Vallance (fødd 31. mai 1952) er ein kanadisk låtskrivar, arrangør og produsent. Han er mest kjend som låtskrivarpartner i lag med den kanadiske musikaren Bryan Adams. Vallance byrja den profesjoenlle karrieren sin som trommeslagar og låtskrivar i det kanadiske rockebandet Prism under pseudonymet «Rodney Higgs.»[1] I tillegg til Adams, har Vallance skrive songar for mange internasjonalt kjende artistar som Bonnie Raitt, Aerosmith, Carly Simon, Rod Stewart, Roger Daltrey, Tina Turner, Alice Cooper, Ozzy Osbourne, Europe, Kiss, Scorpions, Anne Murray og Joe Cocker.[2] Dei mest kjende songane hans er «What About Love» (Heart), «Spaceship Superstar» (Prism), «Cuts Like a Knife» (Bryan Adams), «Heaven» (Bryan Adams), «Summer of '69» (Bryan Adams), «Now and Forever (You and Me)» (Anne Murray) og «Edge of a Dream» (Joe Cocker.)
Jim Vallance | |||
Fødd | 31. mai 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chilliwack | ||
Fødenamn | James Douglas Vallance | ||
Alias | Rodney Higgs | ||
Opphav | Chilliwack i British Columbia i Canada | ||
Aktiv | 1977–2005 | ||
Sjanger | Rock, AOR, poprock, hardrock, heavy metal, pop, jazz, blues, country | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, klaverinstrument, gitar, bass | ||
Tilknytte artistar | Prism, Bryan Adams, Fast Forward | ||
Plateselskap | A&M, Universal, Polydor | ||
Verka som | Låtskrivar, arrangør, plateprodusent | ||
Gift med | Rachel Paiement | ||
Prisar | medlem av Order of Canada |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.