britisk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
Guy Edward Fletcher (fødd 24. mai 1960) er ein engelsk multiinstrumentalist, mest kjend som klaverspelar i rockebandet Dire Straits[1] frå 1984 til gruppa vart oppløyst og sidan i solobandet til Mark Knopfler.
Guy Fletcher | |||
Spelar med Mark Knopfler, 18. juli 2008 ved NAC i Ottawa i Canada | |||
Fødd | 24. mai 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Maidstone | ||
Fødenamn | Guy Edward Fletcher | ||
Opphav | Maidstone, Kent, England | ||
Sjanger | Rock, folk | ||
Instrument | Synthesizer, gitar, korvokal | ||
Kjende instrument | Klaverinstrument, bassgitar, akustisk gitar, ukulele, lap steelgitar | ||
Tilknytte artistar | Dire Straits, Mark Knopfler, Roxy Music, The Notting Hillbillies | ||
Plateselskap | Inamorecords | ||
Verka som | Musikar, lydteknikar, arrangør, produsent |
Guy Fletcher voks opp i ein musikalsk familie og er kalla opp etter onkelen Guy Fletcher, som skreiv fleire hitsongar for andre artistar i lag med Doug Flett. Mora Barbara var studiosongar og faren Ted Fletcher var lyddesigner, (Orbitsound) og skapte ei rekkje lydutstyr kalla opp etter Joe Meek som han hadde arbeidd saman med.[2]
Medan han arbeidde som lydteknikar i DJM Studios i London 15 år gammal, spelte Guy i sine eigne band og lærte å spele klaverinstrument, gitarar og forskjellige strykeinstrument. Han vart med i og turnerte med Steve Harley sitt 'Cockney Rebel' i 1979 og i 1981 og Roxy Music for 'Avalon'-turneen deira. I 1983 vart Guy hanka inn av frontmannen i Dire Straits, Mark Knopfler, for å arbeide med musikk til filmane Cal og Comfort and Joy. Han vart med i Dire Straits i 1984, eit år før det suksessrike albumet deira Brothers in Arms, som gjorde bandet verdskjend.
I 1986 produserte Fletcher Belouis Some-albumet med same namn i lag med Gary Langan.[3]
I 1996 turnerte Fletcher i bandet til Bryan Ferry.
Etter oppløysinga til Dire Straits i 1995 fortsette Fletcher å arbeide med den tidlegare bandkollegaen sin, Mark Knopfler, som medlem i bandet hans då han byrja solokarrieren sin. Fletcher var med som produsent og spelte klaverinstrument på det siste soloalbumet til Knopfler, Get Lucky, og var igjen med på turneen hans i 2010.
Debutalbumet til Fletcher, Inamorata, kom ut 28. januar 2008. Mark Knopfler gjesta på sologitar på to spor og forskjellige musikarar som var tilknytt Knopfler deltok på albumet.
24. mai 2010 kom det andre soloalbumet hans, Natural Selection.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.