From Wikipedia, the free encyclopedia
«In the Midnight Hour» er ein song opphavleg framført av Wilson Pickett i 1965 og gjeven ut på albumet The Exciting Wilson Pickett i 1966. Han vart skriven av Pickett og Steve Cropper på det historiske Lorraine Motel i Memphis der Martin Luther King, Jr. seinare vart myrda i april 1968. Som den første hitten til Pickett på Atlantic Records, nådde han førsteplassen på R&B-lista og 21. plass på pop-lista i USA.[1]
In the Midnight Hour Singel av Wilson Pickett frå albumet In the Midnight Hour | ||
B-side |
«I'm Not Tired» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1965 | |
Innspelt | 12. mai 1965, Stax Studios (Memphis) | |
Sjanger | R&B | |
Lengd | 2:29 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Steve Cropper, Wilson Pickett | |
Låtskrivar(ar) |
| |
Wilson Pickett-kronologi | ||
«Come Home Baby» (1965) |
In the Midnight Hour | «Don't Fight It» (1965)
|
Songen vart ein soul-standard frå 1960-åra og ligg på 134. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene, som den første av to Wilson Pickett-songar på lista (den andre er «Mustang Sally» på #434). Han er òg på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Songen er fortida på 89. plass på tidene beste song, og på 7. plass på beste song i 1965, på Acclaimed Music.[2]
Songen er spelt av mange andre artistar, som Martha Reeves & The Vandellas, The Doors og Van Morrison sitt Them på Whisky a Go Go (1966),[3] Johnny Rivers, som òg spelte live på Whisky a Go Go i 1966, Grateful Dead (som ofte avslutta konsertane sine med songen i 1966 og 1967), Chris Farlowe, The Rascals, Mitch Ryder & the Detroit Wheels, the Chocolate Watch Band, Razzy Bailey, Roxy Music, Jackie Wilson, The Jam, Johnny Thunders, The Chambers Brothers, Roger Troutman, The Toasters, Buddy Guy, The Rock Bottom Remainders, The Commitments, Cross Country, Echo & the Bunnymen, Samantha Sang, George Faith, B. B. King, Johnny Rivers og The Silvertones.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.