amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Johnny Thunders (15. juli 1952 som John Anthony Genzale–23. april 1991) var ein amerikansk protopunkgitarist, songar og låtskrivar.
Johnny Thunders | |||
| |||
Fødd | 15. juli 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Queens i New York City | ||
Død | 23. april 1991 (38 år) | ||
Dødsstad | New Orleans i Louisiana | ||
Fødenamn | John Anthony Genzale, Jr | ||
Alias | Johnny Thunders | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1967–1991 | ||
Sjanger | Rock, glamrock, punkrock, glampunk, rhythm and blues, protopunk | ||
Instrument | Gitar, bassgitar | ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul Junior Gibson Les Paul Special | ||
Tilknytte artistar | New York Dolls, The Heartbreakers | ||
Plateselskap | ROIR | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, gitarist |
Han er mest kjend som medlem av New York Dolls i 1970-åra. Han spelte seinare i The Heartbreakers og som soloartist.
Som idolet Keith Richards levde Johnny Thunders det ulitmate rocke-livet og var dagen lang påverka av dop og spelte tøff, sjuskete gitarrock.[1] Etter at New York Dolls vart oppløyst, var han mykje i pønkmiljøet i New York mot slutten av 1970-åra, både med bandet the Heartbreakers og som soloartist. Thunders spelte musikk fram til han døydde i 1991 av ein heroinoverdose.
Som Johnny Volume spelte Genzale i bandet Johnny and the Jaywalkers; før han forlet dette bandet for Actress, i lag med framtidige Dolls-medlemmar Arthur Kane og Billy Murcia. Actress vart New York Dolls i 1971 og Genzale kalla seg sjølv då Johnny Thunders. Etter to kritikarroste, men kommersielt mislukka album, gjekk the Dolls frå kvarandre. I 1975 starta Thunders og trommeslagaren i gruppa, Jerry Nolan bandet the Heartbreakers med tidlegare Television-bassist Richard Hell og gitarist Walter Lure. Hell forlet bandet etter kort tid og starta the Voidoids og vart erstatta av Billy Rath. The Heartbreakers var særleg populær blant punkbanda i Storbritannia.
Thunders gjekk solo i 1978 og spelte inn albumet So Alone med forskjellige rocke- og punkmusikarar, som Steve Jones og Paul Cook frå frå Sex Pistols, Steve Marriott (Small Faces, Humble Pie), Peter Perrett (Only Ones), Paul Gray (Eddie and the Hot Rods, the Damned) og Phil Lynott (Thin Lizzy). Etter albumet kom ut spelte Thunders og Sex Pistols-bassist Sid Vicious i the Living Dead ei kort stund. I 1980-åra gjenforeinte Thunders the Heartbreakers for ei rekkje turnear. Gruppa spelte inn det siste albumet sitt i 1984.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.