From Wikipedia, the free encyclopedia
Graham Hamilton Lyle (fødd 11. mars 1944) er ein skotsk songar-låtskrivar, gitarist og produsent, som har vore aktiv sidan midten av 1960-åra.
Graham Lyle | |||
| |||
Fødd | 11. mars 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bellshill i Lanarkshire i Skottland | ||
Fødenamn | Graham Hamilton Lyle | ||
Opphav | Largs i Skottland | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Pop, folkrock, countryrock, adult contemporary, softrock, soul | ||
Instrument | Vokal, gitar, mandolin, banjo, bassgitar, fiolin, trommer, munnspel | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | Gallagher & Lyle, McGuinness Flint, Ronnie Lane | ||
Plateselskap | Capitol, A&M, Mercury, Hypertension | ||
Verka som | låtskrivar, songar, gitarist, musikar, songtekstforfattar, musikkprodusent |
Han er ein av dei mest suksessrike skotske låtskrivarane og har vore medlåtskrivar på 17 topp 40-hittar i Storbritannia, åtte hittar på Billboard Hot 100 i USA, fire songar på toppen av country-lista i USA, ein song på toppen av adult contemporary-lista i USA og tre førsteplassar i Australia mellom 1970 og 1997. Som låtskrivar har han samarbeidd med Terry Britten, Albert Hammond, Troy Seals, Jim Diamond og partneren Benny Gallagher.[1][2]
Den mest kjende låten han skreiv er Tina Turner-hitten «What's Love Got to Do with It?» i 1984, som nådde toppen av listene i USA, Canada og Australia og som gav han Grammy-prisen for årets song det året.[3] Han er òg godt kjend i Storbritannia og Europa som medlem av Gallagher and Lyle, McGuinness Flint og Ronnie Lane-bandet Slim Chance.[4]
Songar av Lyle er blitt framført av somme av dei største namna i musikkindustrien, som Michael Jackson og Stevie Wonder, Ray Charles, Diana Ross, Etta James, Patti Labelle, Anita Baker, Joe Cocker, Wyclef Jean, Fat Joe, Rod Stewart, Tom Jones, The Neville Brothers, Hall and Oates, Kenny Rogers, Crystal Gayle, Jim Diamond, The Judds, Wet Wet Wet, Paul Young, Bucks Fizz, Eros Ramazotti og Warren G, men det er arbeidet med Tina Turner Lyle er mest kjend for.[5]
Førsteplassar på countrylista i USA[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.