Bellshill

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bellshill
Remove ads

Bellshill er ein by i regionen North Lanarkshire i Skottland. Han har kring 30 000 innbyggjarar og ligg kring tre kilometer nord for Motherwell. Sidan 1996 har han vore ein del av Stor-Glasgow.

Kjappe fakta skotsk-gælisk skotsk, Plassering ...

Dei tidlegaste funna av busetjingar ligg ved ein landsby som heitar Belmill og vart nedskriven på eit kart av den skotske kartografen Timothy Pont i 1654. Landsbyen bestod av ei rekkje bustader for steinbrotsarbeidarar og var ått av ein Mr. Bell, som òg åtte steinbrotet sør for Belmill. Etter at steinbrotet vart nedlagt forsvann landsbyen og ny busetjing vart opparbeidt ved Crossgates, som låg like ved. Rundt 1810 tok denne busetjinga namnet Bellshill, som fortsette å vekse og dermed slukte tettstader i nærleiken som Black Moss og Sykehead.

Rundt 1850 vart det funne store kol– og jarnførekomstar i nærleiken noko som gjorde at fleire gruver/brot vart opna. Dette gjorde igjen at byen voks kraftig, og fleire innvandrarar vart freista til byen, spesielt frå Litauen. Det vart òg bygd fleire jernbanestasjonar i området, inkludert Mossend, Fallside og Bell Cross.

Rundt 1870 vart Bellshill hardt råka av infeksjonssjukdomar. I 1917 byrja sjukehuset å spesialisere seg til eit morskapssjukehus, som det første i Lanarkshireområdet, med nye morsskapsfløyer som vart opna i 1958 og 1962. Dette sjukehuset vart fødestad for ei rekkje prominente personar, som politikaren Robin Cook, fotballspelaren Ally McCoist og songaren Sheena Easton. Dette sjukehuset vart stengt i 2001 og riven i 2003 for å gjere plass til nye bustadprosjekt.

Remove ads

Kjende personar frå Bellshill

  • Matt Busby (1909–1994), fotballmanager
  • Sheena Easton (f. 1959), songar
  • Gary McAllister (f. 1964), fotballspelar
  • John Reid, politikar
  • De Rosa, musikkgruppe
  • Teenage Fanclub, musikkgruppe
  • Ally McCoist, fotballspelar
  • Robin Cook, politikar
 
  • Mike Denness, cricketspiller
  • BMX Bandits, musikkgruppe
  • Henry Dyer, ingeniør
  • Barry Ferguson, fotballspelar
  • Craig Brown, fotballspelar
  • Derek Ferguson, fotballspelar
 
  • Brian McClair, fotballspelar
  • Paul McGuigan, filmregissør
  • Tom McKean, mellomdistanseløper
  • Billy McNeil, fotballspelar
  • Soup Dragons, musikkgruppe
  • Harry Stanley, målar
  • Phil O'Donnell, fotballspelar
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads