Banjo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Banjo er eit strengeinstrument med eit trommeskinn over resonanskassen. Banjoen blei utvikla av afroamerikanske slavar med utgangspunkt i fleire afrikanske instrument.

Kjappe fakta Klassifisering, Hornbostel-Sachs klassifisering ...
Banjo
Thumb
Banjo med 5 strenger.
Klassifiseringnecked, flat-backed, plucked lutes
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-8
Lukk

Opphavleg hadde banjoen 5 strenger, og det er mest vanleg også i dag. Denne banjotypen vert ofte kalla bluegrass-banjo fordi han er mest nytta i country- og bluegrassmusikk, og er vanlegvis stemt i tonane G-D-G-H-D. Den femte strengen (G) er ein oktav høgare enn den tredje.

Det finst også variantar av 4-strengs banjoar som vert kalla plektrumbanjo og tenorbanjo. Desse vert nytta hovudsakleg innan dixielandjazz og tradisjonell irsk musikk.

Ukulelebanjoen finst i utgåvene sopran og tenor.

Gitarbanjoen har 6 strenger, er stemt som ein gitar og vert nytta hovudsakleg av gitarister som også vil spele banjo.

Mandolinbanjoen har 8 strenger og er stemt som ein mandolin.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.