Remove ads
amerikansk komponist og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia
Ray Charles Robinson (2. september 1930–10. juni 2004) var ein amerikansk songar-låtskrivar, musikar og komponist kjend som Ray Charles.
Ray Charles | |||
Ray Charles i 1990 | |||
Fødd | 23. september 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Albany, Georgia, USA[1] | ||
Død | 10. juni 2004 (73 år) | ||
Dødsstad | Beverly Hills i USA | ||
Fødenamn | Ray Charles Robinson | ||
Alias | Ray Charles | ||
Opphav | Greenville i Florida, USA | ||
Aktiv | 1947–2004 | ||
Sjanger | Jumpblues, rhythm and blues, pianoblues, soul, blues, soulblues, jazz, vokaljazz, gospel, rock n roll, country, pop | ||
Instrument | Vokal, piano, klaverinstrument, altsaksofon, trombone | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Atlantic, ABC, Warner Bros., Swing Time, Concord, Columbia, Flashback | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar, komponist, arrangør, skodespelar | ||
Gift med | Eileen Williams, Della Beatrice Howard Robinson | ||
Sambuar med | Margie Hendrix | ||
Prisar | Polar Music Prize, Grammy Lifetime Achievement Award, Library of Congress Living Legend, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Florida Artists Hall of Fame, Kennedy Center Honors, National Medal of Arts, Rock and Roll Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Blues Hall of Fame, lifetime achievement award |
Han var ein pioner innan sjangeren soul i 1950-åra ved å blande rhythm and blues, gospel og blues på dei tidlege innspelingane hans med Atlantic Records.[2][3][4] Han var òg med på å blande country og pop i 1960-åra med album som Modern Sounds.[5][6][7] Med kontrakt for ABC Records vart Charles ein av dei første afroamerikanske musikarane som fekk kunstnarisk kontroll av eit stort plateselskap.[3] Frank Sinatra kalla Charles «det einaste verkelege geniet i show business», sjølv Charles sjølv bagatelliserte dette.[8] Han vart blind då han var sju år gammal.
Inspirasjonskjeldene til musikken hans var hovudsakleg jazz, blues, rhythm and blues og countryartistar på den tida som Art Tatum, Nat King Cole, Louis Jordan, Charles Brown og Louis Armstrong. Spelestilen hans henta inspirasjon frå countryblues-, barrelhouse- og stride-piano.
Rolling Stone rangerte Charles på 10. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene i 2004,[9] og andreplassen på lista deira i november 2008 over dei 100 største songarane gjennom tidene.[10] Billy Joel sa «Dette kan høyrast ut som heilagbrot, men eg meiner Ray Charles var viktigare enn Elvis Presley».[11]
I 2004 vart filmen Ray, basert på livet til Ray Charles, laga. Jamie Foxx hadde hovudrolla.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.