valt politisk organ for samar i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Sámediggi, det norske Sametinget, er det øvste organet til samane i Noreg, og har som oppgåve å representera interessene deira. Tinget har i 2019 39 representantar, vald frå 7 valkrinsar over heile landet, av veljarar som står oppført i valmanntalet til Sametinget. Sjølve sametingsbygget ligg i Karasjok i Finnmark fylke.
Sámediggi | |||
| |||
Org.nr. | 974760347 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1989 | ||
Hovudkontor | Sametingsbygningen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | http://www.sametinget.no/ (bokmål) |
I tillegg til det norske sametinget finst det også eit svensk og eit finsk sameting, som på ulike måtar skil seg frå det norske sametinget. Dei nordiske sametinga samarbeider i Samisk parlamentarisk råd, som vart oppretta i 2000. Dei russiske samane har observatørstatus i Samisk parlamentarisk råd.
Vedtaket om at Sametinget skulle opprettast i Noreg blei gjort i 1987, då Stortinget vedtok Sameloven (Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold). Sametinget erstatta Norsk sameråd. Det blei første gong opna den 7. oktober 1989 av kong Olav, etter at representantar var blitt valde parallelt med stortingsrepresentantane.
Alle som står på samemanntalslista kan veljast inn på tinget, som samlar seg fire gonger i året. Det blir leia av Sametingsrådet, sett saman av ein president, visepresident og tre andre medlemmer som er valde frå sametingsrepresentantane.
Tinget har lita reell makt, men skal få uttala seg om saker som gjeld samane. Det er meint å skulla ha ein leiande rolle i den politiske utviklinga av framtida til minoritetsgruppa. Det skal òg fungera som ein representant for det samiske folket ovanfor styresmaktene og den ikkje-samiske majoriteten i Noreg. Sametinget distribuerer årleg ei støtte på 83,4 millionar kroner til samisk kultur-, språk-, utdannings- og næringsføretak.
Sametinget har fire fagkomitéar.
Valet til tinget foregår same dagen som Stortingsvalet, som eit direkte val utført av dei som står i Valmanntalet til Sametinget. For å stå der må nokon rekna seg som same, og i tillegg anten snakka samisk heime, stamma frå minst ein som snakka samisk heime (forelder, besteforelder eller oldeforelder), eller ha foreldre som står eller har stått i manntalet. Alle som står i manntalet kan bli velde inn på Sametinget, og dei er plikta til å stilla på møte dersom dei ikkje ber seg fritekne på grunn av alder (over 60 år) eller stor ulempe i høve til arbeidet sitt.
Ved sametingsvalet 2021 stilte desse partia med lister i ein eller fleire valkrinsar:[1]
Til Sametingsvalet i 2009 er det innført nytt valkrinssystem.
Ved vala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005 vart det vald inn tre medlemmer frå kvar av desse valkrinsane:
Her er ei oversikt over sametingspresidentane sidan 1989.
Periode | President | Parti |
---|---|---|
1989–1993 | Ole Henrik Magga | Norske Samers Riksforbund |
1993–1997 | Ole Henrik Magga | Norske Samers Riksforbund |
1997–2001 | Sven-Roald Nystø | Norske Samers Riksforbund |
2001–2005 | Sven-Roald Nystø | Norske Samers Riksforbund |
2005–2007 | Aili Keskitalo | Norske Samers Riksforbund |
2007–2013 | Egil Olli | Arbeidarpartiet |
2013–2016 | Aili Keskitalo | Norske Samers Riksforbund |
2016–2017 | Vibeke Larsen | Arbeidarpartiet, deretter uavhengig |
2017–2021 | Aili Keskitalo | Norske Samers Riksforbund |
2021– | Silje Karine Muotka | Norske Samers Riksforbund |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.