Lavangen kommune
kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Lavangen kommune | |||
Loabága suohkan | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Tennevoll | ||
Areal | 301,63 km² | ||
• land | 296,85 km² | ||
• vatn | 4,78 km² | ||
Folketal | 985 (1. januar 2025) | ||
Målform | bokmål, nynorsk | ||
Norsk målform | nøytral | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Hege Beate Rollmoen (Ap) | ||
Kommunenr. | 5518 | ||
![]() Lavangen kommune 68.657777777778°N 17.583611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Lavangen | |||
Nettstad: www.lavangen.kommune.no | |||
- For fjorden kommunen er kalla opp etter, sjå Lavangsfjorden i Lavangen.
Lavangen (nordsamisk Loabák[1][2]) er ein kommune i indre Troms fylke. Han grensar mot kommunane Salangen i nord, Bardu i aust, Gratangen i sør, og mot Ibestad over Astafjorden i vest.

Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms.
Historie
Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.
I 1999 blei Lavangen kåra til landet sitt femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.
Folketalsutvikling
Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.
Folketalsutvikling for Lavangen kommune frå 1910:
- a Talet omfattar Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, men vart igjen i Salangen kommune då Lavangen vart skild ut att som eigen kommune i 1977.
Folk
- Berit Oskal Eira (f. 1951), politikar
- Sandra Borch (f. 1988), politikar
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.