From Wikipedia, the free encyclopedia
Kommunesamanslåing inneber å slå saman administrasjonen til fleire kommunar, gjerne for å effektivisera drifta og spara pengar. Praktisk inneber ei samanslåing at minst ein kommune må skifta namn og kommunevåpen. Overføringa av makt og endringa av identitet som samanslåing fører med seg, inneber ofte stor motvilje mot prosessen frå dei som skal slåast saman.
I 1958 hadde Noreg 744 heradskommunar, 64 bykommunar og nokre få ladestader og andre område med særstatus. Mange av kommunane var små og lite effektive. Schei-komitéen gjekk gjennom alle kommunane og føreslo fleire hundre samanslåingar. Dei fleste blei gjennomført i løpet av 1960-talet. Toppåret var 1964, då rundt ein fjerdedel av kommunane i Noreg blei lagt ned. Også i 1963 og 1965 var det svært mange samanslåingar.
Det blei skapt store bykommunar som slukte bygdene omkring, mellom anna for å hjelpa byveksten. Samanslåingane førte til ein storm av protestar, som regel til lita nytte. Nokre få kommunar, som Hole kommune i Buskerud, fekk seinare lausrive seg igjen.
Samanslåingane på 60-talet var kanskje dårleg likte, men dei var òg nokså nødvendige, sjølv om ein og annan kommune nok kunne ha vore spart. Landet fekk ein langt meir oversynleg og velfungerande kommunestruktur.
På 70-talet var det få samanslåingar, men på slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet begynte ein å slå saman kommunar rundt dei mellomstore byane. Samanslåingar skjedde særleg i Østfold og Vestfold, men også rundt Hamar.
Økonomisk vann ein lite, så i tida etter dette har det vore få samanslåingar. I 2004 blei det gjort framlegg om at ein tredjedel av kommunane må slåast saman for å effektivisera drifta. Denne gongen skulle samanslåingane vera frivillige, noko som har ført til at Skjerstad kommune blei ein del av Bodø kommune etter fleirtal i ei folkerøysting. I Buskerud stemte Røyken kommune og Hurum kommune nei til samanslåing.
Det finst òg alternativ til samanslåing, til dømes samkommunar. Det vil seie at kommuneadministrasjonane blir slått saman, men at kommunane framleis har ei eiga folkevald forsamling og eit servicekontor. Dette er under utprøving i Innherred samkommune, som omfattar kommunane Verdal kommune og Levanger kommune i Nord-Trøndelag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.