Harstad kommune
kommune i Troms fylke i Norge From Wikipedia, the free encyclopedia
Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.

Harstad kommune | |||
Hársttáid suohkan | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Harstad | ||
Areal | 446 km² | ||
• land | 429 km² | ||
• vatn | 17 km² | ||
Folketal | 25 167 (1. januar 2025) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Kari-Anne Opsal (Ap) | ||
Kommunenr. | 5503 | ||
![]() Harstad kommune 68.79878°N 16.53927°E | |||
Wikimedia Commons: Harstad | |||
Nettstad: www.harstad.kommune.no | |||
Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.
Forsvaret
Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:
- Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.
- Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
- Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)
- Forsvarets Lønnsadministrasjon
- Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
Bygder
Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.
Folketalsutvikling
Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.
Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:
- a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.
Kjende harstadværingar

- Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»
- Leif Bothner (1905–1986), Milorg-leiar
- Ørnulv Vorren (1916–2007), etnograf
- Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar
- Knut Andersen (f. 1931), filmregissør
- Leif Arne Heløe (f. 1932), politikar, sosialminister
- Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre», 1939–1923), popsongar
- Reidar Thomassen («Richard Macker», f. 1939), forfattar
- Tove Veierød (f. 1940), politikar, sosialminister
- Karl Erik Harr (f. 1940), biletkunstnar
- Unni Wikan (f. 1944), professor i sosialantropologi
- Unni Anisdahl (f. 1947), sportsreporter i NRK (radio)
- K.M. Myrland (f. 1948), visesongar
- Kine Hellebust (f. 1954), songar, skodespelar
- Kristin Clemet (f. 1957), politikar
- Randi Hansen (f. 1958), popsongar
- Kjetil Rolness (f. 1961), artist og forfattar, kjend som «Jens Pikenes»
- Elisabeth Aspaker (f. 1962), politikar, EØS- og EU-ministar, fiskeriminister
- Iren Reppen (f. 1965), artist, forfattar
- Lars A. Sandness (f. 1973), hip-hop-artist i Tungtvann, kjend som «Poppa-Lars»
- Runar Normann (f. 1978), fotballspelar
- Jon Lech Johansen (f. 1983), kjend som «DVD-Jon»
- Sophie Elise (f. 1994), skribent og bloggar
Verdt å sjå

- Trondenes kyrkje frå ca. 1250
- Harstad kyrkje frå 1958
- Harstad kulturhus
- Trondarnes Distriktsmuseum
- Trondenes Historiske Senter
- Altevågen
- Røkenes Gård
- Sandtorgholmen
- Adolfkanonen
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.