Tana kommune
kommune i Finnmark fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.
- For elva kommunen har fått namn etter, sjå Tanaelva.
Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua mellom Roavvegieddi og bygda Utsjok.
Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.
Remove ads
Historie
Eidet mellom Tanaelva og Karlebotnmyrene ved Gollevárri er sperra av det største fangstsystemet for villrein i Noreg. Anlegget har 530 fallgraver.[2]
Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg. 1. januar 1964 blei nabokommunen Polmak kommune del av Tana.
Geografi
Fjordar i kommunen er mellom anna Leirpollen og Tanafjorden.
Stangnestind er den høgaste toppen på Varangerhalvøya, på 724 moh.[3]
I bygda Austertana ligg den lengste sandstranda i Noreg.[3]
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:
Tettstad i kommunen
- Tana bru - 746 innbyggjarar per 1. januar 2024
Kjende tanaværingar
- Reidar Hirsti (1925–2001), redaktør og politikar, frå Bonakas[8]
- Aage Solbakk (f. 1943), historikar (Båteng)
- Martin Schanche (f. 1945), rallycrosskjørar, voks opp i Leirpollskogen
- Ande Somby (f. 1958), jurist, joikar
- Frank Ingilæ (f. 1967), ordførar (Ap) i Tana kommune
- Hanne Ørstavik (f. 1969), forfattar
- Mona Solbakk, (f. 1971), journalist (Båteng)
- Helga Pedersen (f. 1973), fiskeri- og kystminister 2005–2009
- Kristin Størmer Steira (f. 1981), skiløpar
- Márjá-Liissá Partapuoli (f. 1990), politikar,[9] duodji-utøvar
- Ella Marie Hætta Isaksen (f. 1998), musikar
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads