Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane (engelsk South Georgia and the South Sandwich Islands, forkorta SGSSI) er eit britisk oversjøisk territorium sør i Atlanterhavet. Det er ei avsidesliggande og vêrhard øygruppe som består av Sør-Georgia og ei rekkje av mindre øyar kalla Sør-Sandwichøyane. Sør-Georgia er 167,4 km lang og 1,4 til 37 km brei[1] og den klårt største øya i territoriet. Sør-Sandwichøyane ligg om lag 520 km søraust for Sør-Georgia.[1] I alt dekkjer øyane 3 903 km².[2]
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | |||
øygruppe | |||
Bøylepingvinar i Godthul på Ser-Georgia | |||
|
|||
Land | Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 54°17′S 36°30′W | ||
Hovudstad | King Edward Point (Grytviken) | ||
Høgaste punkt | Mount Paget | ||
• høgd | 2 934 moh. | ||
Areal | 3 903 km² | ||
Folketal | 30 (2006) | ||
Kong | Charles III | ||
• Kommissær | Nigel Haywood | ||
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane 54.25°S 36.75°W | |||
Regionskart
| |||
| |||
Wikimedia Commons: South Georgia and the South Sandwich Islands | |||
Det er ingen innfødde folk på øyane, men i dag bur britiske embetsfolk, postmeister, forskarar og andre frå British Antarctic Survey på øya. Dei driv forskingsstasjonar på Bird Island og hovudstaden King Edward Point, i tillegg til museumstilsette i nærliggande Grytviken. Grytviken var frå tidleg på 1900-talet base for norske kvalfangarar. Etter at kvalfangsten tok slutt, har det vore få fastbuande på øyane. Om vinteren er det berre litt over ti menneske her.
Storbritannia gjorde krav på Sør-Georgia i 1775 og Sør-Sandwichøyane i 1908. I 1908 annekterte Storbritannia både Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Territoriet «Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane» vart danna i 1985 etter å tidlegare ha vore ein del av Falkland Islands Dependencies. Argentina gjorde krav på Sør-Georgia i 1927 og på Sør-Sandwichøyane i 1938.
Argentina hadde ein marinestasjon, Corbeta Uruguay, på Thule Island i Sør-Sandwichøyane frå 1976 til 1982 då han vart stengd av den britiske marinen (Royal Navy). Det argentinske kravet på Sør-Georgia medverka til Falklandskrigen i 1982, då argentinske styrkar ei kort stund okkuperte øya. Argentina har oppretthalde kravet sitt på Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.
Sør-Georgia skal først ha vorte oppdaga i 1675 av Anthony de la Roché, ein kjøpmann frå London, og vart namngjeven Roche Island på fleire tidlege kart. Ho vart observert av det spansk handelsskipet «León» som sigla ut frå Saint-Malo den 28. eller 29. juni 1756.[3] Ho har stundom vore forveksla med Pepys Island, oppdaga av Dampier og Cowley i 1683, men dette viste seg å vere ei fantomøy.
Kaptein James Cook sigla rundt heile øya i 1775 og gjekk som fyrste mann i land på øya. Han gjorde krav på området for Storbritannia og kalla ho «the Isle of Georgia» til ære for kong Georg III. Britane oppretta offisielt styre over Sør-Georgia i 1843.
I 1882–1883 var den tyske ekspedisjonen for det fyrste internasjonale polaråret stasjonert ved Royal Bay ved søraustsida av øya. Forskarar frå denne gruppa observerte Venuspassasjen og registrerte bylgjene som vart skapte av vulkanutbrotet på Krakatoa i 1883.
Gjennom 1800-talet var Sør-Georgia base for selfangst og frå byrjinga av 1900-talet for kvalfangst, fram til kvalfangsten tok slutt i 1960-åra. Norske Carl Anton Larsen oppretta ein landbasert kvalstasjon og den fyrste permanente busetjinga i Grytviken i 1904. Stasjonen var i drift gjennom hans argentinske fiskeselskap, som slo seg ned i Grytviken.[4][5] Stasjonen var i drift til 1965.
Kvalstasjonane operererte under leigeavtalar av den britiske guvernøren på Falklandsøyane. Sju stasjonar, alle på nordkysten, der dei trygge hamnene ligg. Frå vest er desse:
Kvalkokeria var ubehagelege og farlege stader å arbeide. Kokinga lukta vondt og ein ròtnande kval kunne verte fylt med gass heilt til han sprakk og kunne sprøyte ut eit foster på storleik med eit motorkjøretøy med stor nok kraft til å ta livet av folk.»[6]
Då kvalindustrien tok slutt vart stasjonane fråflytte. Utanom nokre få bevarte bygg, som museet og kyrkja i Grytviken, er det berre ruinar igjen av resten.
Frå 1905 samarbeidde det argentinske meteorologiske kontoret med å drive eit meteorologisk observatorium i Grytviken under britiske leigeavtalar, fram til desse vart endra i 1949.
I 1908 sende Storbritannia ut ein ny kongeleg resolusjon som oppretta lovmessige ordningar for eigedomane deira i det sørlege Atlanterhavet. Resolusjonen omfatta Sør-Georgia, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Sandwichøyane og Graham Land. Kravet vart i 1917 utvida til å gjelde ein sektor i Antarktis som gjekk heilt til Sørpolen.
I 1909 vart eit administrativt senter og ein busetnad oppretta ved King Edward Point på Sør-Georgia, nær kvalstasjonen Grytviken. Ein permanent lokal britisk administrasjon og fastbuande komissær utøvde britisk rett og regulerte alle aktivitetar i territoriet, som då vart styrt som Falkland Islands Dependencies.
Kring 1912 vart det som ifylgje somme kjelder var den største kvalen som nokon gong vart fanga, ein blåkval på 33,58 meter, drege i land i Grytviken.[7][8]
I april 1916 stranda Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton på Elefantøya, kring 1300 km sørvest for Sør-Georgia. Shackleton og fem mann sigla i ein open livbåt for å få hjelp, og 10. mai gjekk dei i land i King Haakon Bay på sørkysten av Sør-Georgia. Medan tre vart verande att på kysten, drog Shackleton og to andre, Tom Crean og Frank Worsley, 23 km over land for å få hjelp ved Strømnes kvalstasjon. Dei andre 22 medlemene i ekspedisjonen som vart verande att på Elefantøya, vart så berga. I januar 1922, under seinare ekspedisjonar, døydde Shackleton ombord på skipet sitt, medan det låg ankra opp i King Edward Cove i Sør-Georgia. Han er gravlagd i Grytviken. Oska til ein annan kjend antarktisforskar, Frank Wild, vart spreidd ved sidan av Shackleton i 2011.
Argentina gjorde krav på Sør-Georgia i 1927.[9]
Under andre verdskrigen sette Royal Navy ut eit armert handelsfartøy til å patruljere farvatna kring Sør-Georgia og Antarktis mot tyske raid. Kanonane, som i dag står ved Cumberland Bay og Stømnes Bay, var bemanna av friviljuge norske kvalfangarar. Basen ved King Edward Point vart utvida til ein forskingsstasjon i 1949/1950 for British Antarctic Survey, som fram til 1962 vart kalla Falkland Islands Dependencies Survey.
Falklandskrigen braut ut då ei gruppe argentinarar, som gav seg ut for å vere på jakt etter skrapmetall, den 19. mars 1982 okkuperte den fråflytte kvalstasjonen ved Leith Harbour på Sør-Georgia. Den 3. april gjekk argentinske soldatar til åtak og okkuperte Grytviken. Av kommanderande offiserar i den argentinske garnisonen var Alfredo Astiz, ein kaptein i den argentinske marinen som fleire år seinare vart dømd for straffbare handlingar under den skitne krigen i Argentina.
Øya vart gjenerobra av britiske styrkar den 25. april under operasjon Paraquet. I 1985 vart Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane eit eige territorium og skilt frå Falklandsøyane. Basen i King Edward Point, som vart ein liten militær garnison etter Falklandskrigen, vart sivil att i 2001 og vert i dag driven av British Antarctic Survey.
Kaptein James Cook oppdaga dei sørlege åtte øyane i Sør-Sandwichøyane i 1775, men han trudde dei tre sørlegaste var ei enkel øy. At dei var forskjellige øyar vart ikkje oppdaga før 1820 av Fabian Gottlieb von Bellingshausen.[10] Dei nordlege tre øyane vart oppdaga av Bellingshausen i 1819. Øyane vart kalla «Sandwich Land» av Cook, men han kommenterte òg at dei kunne vere ei øygruppe og ikkje eit enkelt landområde. Øyane vart kalla opp etter den 4. jarlen av Sandwich som var marineminister . Sør» vart seinare lagt til for å skilje dei frå «Sandwich Islands», som i dag er kjend som Hawaii.
Storbritannia annekterte formelt Sør-Sandwichøyane gjennom ein kongeleg resolusjon i 1908 og sette dei i lag med dei andre britiske områda i Falkland Islands Dependencies.
Argentina gjorde krav på Sør-Sandwichøyane i 1938, og utfordra det britiske kravet på øyane. Frå 25. januar 1955 til ut i 1956 hadde Argentina sommarstasjonen Teniente Esquivel ved Ferguson Bay på søraustkysten av Thule Island. Argentina hadde ein marinebase (Corbeta Uruguay) frå 1976 til 1982 på lesida (søraustkysten) av same øya. Britane oppdaga den argentinske basen i 1978 og protesterte og prøvde å løyse saka på diplomatisk vis. Dei vart ikkje fjerna med makt før etter Falklandskrigen. Basen vart fjerna 20. juni 1982.
Den 10. februar 2008 vart øyane råka av eit jordskjelv på 6,5 på Richsterskalaen med episenter 205 km sør-søraust for Bristol Island. Den 30. juni 2008 kl. 06:17:53 UTC, råka eit jordskjelv på 7,0 regionen. Episenteret låg denne gongen 283 km aust-nordaust for Bristol Island.[11]
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane ligg i det sørlege Atlanterhavet. Dei fleste av øyane stig bratt opp av havet, er kuperte og dominerte av fjell. Toppane på øya er dekte av is og snø.
Sør-Georgiaøyane (spansk Georgias del Sur) ligg kring 1390 km } aust-søraust for Falklandsøyane, ved 54°–55°S, 36°–38°W. Dei består av sjølve Sør-Georgia (den klårt største øya), og øyane rundt ho, i tillegg til nokre avsidesliggande og aude holmar i vest og aust-søraust. Dei har eit samla areal på 3756 km² (utanom Sør-Sandwichøyane).
Sør-Georgia (San Pedro på spansk), ligg ved 54°15′S 36°45′W og har eit areal på 3528 km². Ho er dominert av fjell og stort sett bra. Elleve fjelltoppar når over 2000 moh. og i fjellsidene finn ein djupe kløfter fylte med isbrear. Den største er Fortunabreen. Den høgaste toppen er Mount Paget i Allardyce Range på 2934 moh.
Geologisk består øya av gneis og leirskifer utan spor etter fossil.
Mindre øyar og holmar utanfor kysten av Sør-Georgia er:
Dei avsidesliggande klippene vert òg rekna som ein del av Sør-Georgiaøyane:
Sør-Sandwichøyane (spansk Islas Sandwich del Sur) består av 11 hovudsakleg vulkanske øyar med somme aktive vulkanar. Dei dannar ein øyboge som går frå nord til sør i området 56°18'–59°27'S, 26°23'–28°08'W, mellom kring 560 km og 800 km søraust for Sør-Georgia.
Dei nordlegaste av Sør-Sandwichøyane er Traversay Islands og Candlemas Islands, medan dei sørlege består av Southern Thule. Dei tre største øyane, Saunders, Montagu og Bristol, ligg mellom desse to. Det høgaste punktet i desse øyane er Mount Belinda (1370 moh) på Montagu Island.
Sør-Sandwichøyane er ikkje busette, men ein permanent bemanna argentinsk forskingsstasjon låg på Thule Island frå 1976 til 1982. Det står automatiske vêrstasjonar på Thule (Morrell) Island og Zavodovski. Nordvest for Zavodovski Island ligg Protector shoal, ein undersjøisk vulkan.
Øyane i Sør-Sandwichøyane er frå nord til sør:
Øy (spansk namn) | Areal | Høgaste punkt | Stad | |
Traversay Islands | ||||
Protector shoal | — | -27 m | 55°54′S 28°06′W | |
Zavodovski | 25 km² | Mount Asphyxia: 550 moh | 56°18′S 27°34′W | |
Leskov | 0,3 km² | Rudder Point: 190 moh | 56°40′S 28°08′W | |
Visokoi | 35 km² | Mount Hodson: 915 moh. | 56°42′S 27°13′W | |
Candlemas Islands (stundom medrekna til Traversay Islands) | ||||
Candlemas (Candelaria) | 14 km² | Mount Andromeda: 550 moh. | 57°05′S 26°39′W | |
Vindication (Vindicación) | 5 km² | Quadrant Peak: 430 moh. | 57°06′S 26°47′W | |
Dei sentrale øyane | ||||
Saunders | 40 km² | Mount Michael: 990 moh. | 57°48′S 26°28′W | |
Montagu (Jorge) | 110 km² | Mount Belinda: 1370 moh. | 58°25′S 26°23′W | |
Bristol (Blanca) | 46 km² | Mount Darnley: 1100 moh. | 59°03′S 26°30′W | |
Southern Thule (Tule del Sur) | ||||
Bellingshausen | 1 km² | Basilisk Peak: 255 moh. | 59°25′S 27°05′W | |
Cook | 20 km² | Mount Harmer: 1115 moh | 59°26′S 27°09′W | |
Thule eller Morrell Island | 14 km² | Mount Larsen: 710 moh. | 59°27′S 27°18′W | |
Vysokaya Bank | — | ? | 59°43′S 27°58′W | |
Sør-Sandwichøyane | 310 km² | Mount Belinda: 1370 moh. |
Klimaet er arktisk og vêret er særs variabelt og hardt. Maksimumstemperaturane på Sør-Georgia varierer typisk frå kring 0 °C om vinteren (august) og 8 °C om sommaren (januar). Minimumstemperaturen på vinteren er typisk kring −5 °C og går sjeldan under −10 °C. Årsnedbøren på Sør-Georgia er kring 1500 mm, og mykje av dette kjem som sludd eller snø, noko som er mogeleg året rundt. I innlandet er snøgrensa om sommaren typisk kring 300 moh.
Vestavinden bles året rundt over øyane med periodar innimellom med stille vêr. I 1963 var faktisk vinden roleg 25 % av tida ved King Edward point, og middelvinden var kring 8 knop, som er halvparten av middelvinden på Falklandsøyane. Dette gjer at austsida av Sør-Georgia (lesida) har eit betre klima enn den meir vêrutsette vestsida. Vêrtilhøva gjer at det er generelt vanskeleg å nå øyane til sjøs, sjølv om ein på nordsida av Sør-Georgia har fleire store bukter som er gode ankringsplassar.
Solskinstimane er, som for alle øyane i Sør-Atlanteren, få, og berre 21,5 % av tida sola er over horisonten. Dette utgjer kring 1000 timar solskin i året. Dei høge fjella medverkar derimot òg til dette og eit studie frå kring 1960[12] synte at instrumenta som målte solskin låg i skuggen i heile juni.
Fønvinden gjer at austsida har høgare temperatur og er tørrare enn vestsida. Temperaturen kan derfor stundom kome over 20 °C på sommardagar. Den høgaste temperaturen som er målt på øyane er 28,8 °C i Grytviken.[13] og 26,3 °C i nærliggande King Edward point, som begge ligg på austsida av øya. Den høgaste temperaturen som er målt på vestsida av Birdøya er derimot berre 14,5 °C. Kulderekordane er òg lågare på austsida av øyane med -19,4 °C i Grytviken, -18,9 °C i King Edward Point, men berre -11,4 °C på Birdøya.
Havet kring Sør-Georgia er kaldt året rundt fordi dei ligg nær Sørishavsstraumen. Dei er vanlegvis fri for pakkis om vinteren, men ein kan få eit tynt isdekke i dei stille vikene, og isfjell er nokså vanlege.[14] Havoverflatetemperaturen fell til 0 °C seint i august og stig til kring 4 °C tidleg i april.
Sør-Sandwichøyane er mykje kaldare enn Sør-Georgia, og ligg lenger sør og er meir utsett for kaldluftsutbrot frå Antarktis. Dei er òg omgjeve av havis frå midten av mai til seint i november (og lenger enn det heilt sør).[15] Temperaturrekordane som er målte i South Thule Island har variert frå -29,8 °C til 17,7 °C.
Vêrdata for Birdøya i Sør-Georgia, 1961–1990 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 5,5 | 5,6 | 4,4 | 1,9 | −0,5 | −1,8 | −2,4 | −1,9 | −0,2 | 1,6 | 3,4 | 4,5 | 1,7 |
Gjennomsnittleg min °C | 0,7 | 1,4 | 0,6 | −1 | −3,8 | −4,6 | −5,4 | −4,8 | −3,4 | −1,9 | −1,5 | −0,6 | −2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 84 | 80 | 95 | 123 | 108 | 108 | 120 | 114 | 107 | 98 | 88 | 77 | 1 202 |
Kjelde: Climatic Research Unit. UEA[16] |
Vêrdata for Grytviken/King Edward Point. Sør-Georgia. 1901–1950 (solskinstimar 1931–1960) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 24,5 | 26,5 | 28,8 | 19,1 | 17,5 | 14 | 13,6 | 13,2 | 17 | 20 | 22,5 | 21,5 | 28,8 |
Gjennomsnittleg maks °C | 8,4 | 9,1 | 8,4 | 5,6 | 2,9 | 0,9 | 1,2 | 1,5 | 3,5 | 5,4 | 6,5 | 7,5 | 5,1 |
Gjennomsnittleg min °C | 1,4 | 1,7 | 1 | −0,8 | −3,1 | −4,6 | −4,7 | −4,9 | −3,3 | −1,8 | −0,5 | 0,4 | −1,6 |
Lågast målte °C | −4,1 | −3,7 | −6,3 | −9,8 | −11,4 | −14,6 | −15,2 | −19,2 | −18,4 | −11 | −6,4 | −5,4 | −19,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 92 | 114 | 136 | 139 | 137 | 135 | 149 | 149 | 92 | 80 | 93 | 88 | 1 404 |
Gns. solskinstimar i månaden | 152 | 160 | 127 | 66 | 34 | 12 | 22 | 74 | 123 | 171 | 174 | 167 | 1 282 |
Kjelde: Globalbioclimatics/S.Rivas-Martínez[17]DMI/Danish Meteorologi Institute - page 242[18] |
I 1985 vart Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyene skilt ut som eit eige britisk oversjøisk territorium med ein eigen kommissær som er den øvste representanten til kongen og med ansvar for administrasjon, rettsvesen, økonomi og styre for øygruppa. Fram til 1985 var Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyene underlagt Falklandsøyane.[19]
Kommissæren og administrasjonen hans er lokalisert i Stanley på Falklandsøyane. To av kommissæren sine tilsette er stasjonert i King Edward Point utanfor Grytviken på Sør-Georgia, med ansvar for hamna, toll, immigrasjon, fiske og turisme.[19] Politiske råd og rettleiingar kjem frå den britiske regjeringa via Utanriksdepartementet i London. I forsvarsrelaterte saker får kommissæren støtte frå kommandøren av dei britiske styrkane på Falklandsøyane, som er underlagt det britiske Forsvarsministeriet.[20]
Forskarar frå British Antarctic Survey i King Edward Point vert finansiert av både dei lokale styresmaktene og Utanriksdepartementet, men er administrativt underlagt hovudkontoret til British Antarctic Survey i Cambridge.[20]
Suvereniteten over Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyene er gjort krav på av både Storbritannia og Argentina, der Storbritannia utøver de facto kontroll over øya og har gjort dette sidan øya vart annektert i 1908[21]. Argentina har kravd suverenitet over Sør-Georgia sidan 1927 og for Sør-Sandwichøyene sidan 1938.[22]
Etter problem med tjuvfiske avgjorde styresmaktene på øygruppa i 1993 å utvide den økonomiske sonen til 200 nautiske mil. I samband med utvidinga av den økonomiske sonen vart det innført ein bevarings- og forvaltingsplan for å styre tilgangen til fiskeressursane i området. Alle fartøy som ønskjer å fiske i den økonomiske sonen må ha lisens frå det britiske Fiskeridirektoratet. Mengda tildelte lisensar og fangstkvote vert fastsett årleg av Kommisjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis (CCAMLR). Hovudartane som det er løyve til å fiske er patagonisk tannfisk, antarktisk isfisk, kril og krabbar.[21]
Dei fleste turistane som vitjar Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane kjem til Sør-Georgia med cruiseskip, men nokre kjem òg med eigne båtar. Det er ingen ordinær offentleg transport til øya. Totalt er det 30 cruiseskip med 2 000 passasjerar som vitjar Sør-Georgia årleg. Dei mest vitja stadane er Grytviken, Strømnes og Salisbury Plain. Det er ikkje naudsynt med visum for å vitje øya, men alle vitjande, uavhengig av nasjonalitet, må søke om ilandstigningsløyve 60 dagar i forkant. Ilandstigningsavgifta er på 100 pund per person.[21]
Dei totale inntektene for Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane var i 2006 på £4,4 millionar og utgiftene var på £4,5 millionar. Dei viktigaste inntektskjeldene var sal av fiskekort, hamneavgifter frå skip og vitjande, sal av frimerke og minnemyntar. Dei største utgiftspostane var knytt til fiskeriverksemda, som administrasjon, forsking og bevaring, samt bevaringsprosjekt, produksjon av frimerke og støtte til museet i Grytviken.[21]
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyene har store hekkande bestandar av fuglar, og mange av desse utgjer ein stor del av verdsbestanden. I tillegg har Sør-Georgia fuglar som er endemiske, som sørgeorgiapiplerke og sørgeorgiaspissand. På Sør-Georgia veks ca. 50 forskjellige frøplanter, noko som er langt frå den rikdommen arktisk flora kan vise til. I havet rundt øya finst det 20 blekksprutartar og 120 fiskeartar.
På Sør-Georgia er det 30 millionar fuglar som hekkar, fordelt på 31 artar og av desse er 27 sjøfuglar. Det er observert 81 fugleartar. Øya har om lag halvparten av verdsbestanden av gulltoppingvin, gråhovudalbatross, nordkjempepetrell, kvithakepetrell og antarktiskvalfugl, der bestanden av antarktiskvalfugl på øya er 22 millionar. Det meste av verdsbestanden av sørgeorgiaskarv (Phalacrocorax georgianus) lever her. Sørgeorgiapiplerke er endemisk for øya og finst berre i rottefrie område. Bestanden er på 3-4 000. Sørgeorgiaspissand er ein underart av spisshaleand og er òg endemisk for øya og bestanden er på berre 1 000.[23]
Hekkebestanden av den største sjøfuglen i verda, vandrealbatrossen, er på 4 000 par og utgjer 15 % av verdsbestanden. Gråhovudalbatrossen sin hekkebestand på Sør-Georgia er 80 000 par og utgjer 46 % av verdsbestanden. I tillegg hekkar gråalbatross (5–8 000 par) og svartbrynalbatross (100 000 par).[23]
Snøpetrellen held til i fjella på Sør-Georgia på over 1 000 meters høgd. Nord- og sørkjempepetrellane held til rundt dei store sel- og pingvinkoloniane og livnærer seg på døde dyr. Kjempepetrellane tel høvesvis 3 000 og 5 000 par.
På Sør-Georgia hekkar det 400 000 kongepingvinpar og øya er den viktigaste hekkeplassen for arten i verda. Den største kolonien er på 39 000 par og kolonien på Salisbury Plain er på 27 000 par. Bestanden av kongepingvin har auka med 5 % kvart einaste år dei siste 80 åra.[23]
På Birdøya og i bukta Elsehul hekkar 2,7 millionar gulltoppingvinar. Bestanden av gulltoppingvin er redusert med 50 % dei siste 25 åra.[23]
Sør på Sør-Georgia hekkar 105 000 par bøylepingvinar og 6 000 par ringpingvinar
I oktober kvart år kjem halvparten av dei 600 000 sørlege sjøelefantane i verda til Sør-Georgia for å yngle. Sjøelefanten kan bli opptil 6 meter lang og vege 4 000 kg. Sjøelefanten vart utsett for omfattande jaktverksemd på grunn av olja i feittet og omkring 1870 var det nesten ikkje sjøelefant igjen på øya.[24]
Den antarktiske pelsselen (Arctocephalus gazella) var nær ved å bli utrydda på byrjinga av 1900-talet og bestanden på Sør-Georgia var nede i 100 individ. På 1960-talet auka bestanden med 16 % i året og i 1976 hadde bestanden auka til 100 000. Bestanden held fram med å auke og er no passert 2,5 millionar. 95 % av verdsbestanden held til på øya. Den største tettleiken av antarktisk pelssel er på Birdøya der det er ein sel for kvar sjette kvadratmeter, totalt 65 000.[25]
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyene hadde opphavleg ikkje landbaserte pattedyr, men under både sel- og kvalfangstperioden vart det gjort forsøk på å introdusere dyr til Sør-Georgia. Nokre dyr vart introdusert som husdyr, medan andre vart forsøkt sett ut i naturen. Blant dyra som vart introdusert er hestar, reinsdyr, storfe, sau, geit, grisar, fjørfe, gjæser, kattar, hundar, raudrev og til og med ei ape. Berre reinsdyra har overlevd, i tillegg er brunrotte og husmus utilsikta introdusert som følgje av skipsanløp.[26]
Dei første ti reinsdyra vart sett ut av Lauritz Larsen på oppdrag frå Carl Anton Larsen. Hovudmålet var å ha naturleg tilgang til kjøt. Dei første ti reinsdyra var tamrein kjøpt frå ein bonde i Valdres i 1911 og sett ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya. I 1912 vart det sett ut fem reinsdyr i Leith Harbour og auka etter kort tid til 20, men alle vart teke av eit snøras på byrjinga av 1920-talet. I 1925 vart det henta sju reinsdyr frå Hardangervidda til Husvik. På det meste var det 3 000 reinsdyr på øya. I dag utgjer reinsdyrstammen 2 300 dyr, der 500 er ved Strømnesfjorden og 1 800 er i området rundt Grytviken og Cumberland Bay. Dei to reinsdyrstammene er fråskilde av fjell. Reinsdyr et vanlegvis mose og lav, men det er det lite av på Sør-Georgia, slik at kosthaldet er lagt om til gras. Reinsdyra i Cumberland Bay er vesentleg mindre av vekst enn reinsdyr på Hardangervidda, noko som kan tyde på at det er for mange dyr. Reinsdyra i Strømnesfjorden er større enn dei i Cumberland Bay.[27] Sør-Georgia er den einaste staden i verden der ein kan sjå villrein i saman med pingvinar. I den seinare tid har sørgeorgiske reinsdyrkalvar blitt henta til Falklandsøyane for reindrift.[26]
Husmus finst i Shallop Cove i Queen Maud Bay på nordvestsida av øya. Husmusa har utvikla eit tjukt feittlag, noko som tyder på at ho tilpassar seg det kalde klimaet.[26]
Brunrotta vart utilsikta introdusert på slutten av 1700-talet i samband med skipsanløp frå selfangt- og kvalfangstskip.[28] Ho spreidde seg til store delar av øya, med den største konsentrasjonen ved dei nedlagde kvalfangsstasjonane. Det er ingen rovdyr på Sør-Georgia ut over sørhavsjo (Stercorarius antarcticus), slik at tilveksten av brunrotter berre vart avgrensa av mattilgangen. Fuglereir på bakken er eit lett bytte for brunrottene, og rotter har teke titals millionar egg og fuglungar på øya. Mange av fuglane har forsvunne frå rotteområda og flytta til rottefrie område.[26] Medan brear tidlegare danna naturlege barrierar mot rotter, har desse byrja smelta som følgje av varmare klima.[29]
I 2011 byrja forskarar frå South Georgia Heritage Trust på eit fireårig program for å utrydda rotter og mus frå øya, i det som ville bli det største gnagarutryddingsforsøket i verda til då.[30][31][32] I juli 2013 annonserte dei at hovuddelane av prosjektet med å utrydda rottene, som hadde funne stad i mai, var ein suksess. 180 tonn rottegift, brodifacoum, var blitt sloppe over 70 % av øya.[33] Deretter hadde ein to til store slepp av gift.[34][35] I juni 2015 enda utryddingsprogrammet, og syntest å ha verka. I 2017/18 blei det utført ei intensiv leiting etter rotter over seks månader med hundar og lokkefeller. Leitarane fann ingen spor etter levande rotter, og ein reknar det som sannsynleg at dei er utrydda frå Sør-Georgia.[35]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.