From Wikipedia, the free encyclopedia
Zavodovski Island er ei aude vulkansk øy i Traversay Islands i Sør-Sandwichøyane. Ho ligg 350 km søraust for Sør-Georgia. Ho er den nordlegaste av Sør-Sandwichøyane og den som ligg nærast Sør-Georgia.
Zavodovski Island | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Sør-Sandwichøyane, Traversay Islands | ||
Koordinatar | 56°18′S 27°34′W | ||
Høgaste punkt | |||
• høgd | 551 moh. | ||
Areal | 14,7 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Øygruppe | Sør-Sandwichøyane | ||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Siste utbrot | 2012 | ||
Zavodovski Island 56.3°S 27.58°W | |||
Sør-Sandwichøyane
| |||
Wikimedia Commons: Zavodovski Island | |||
Zavodovski Island vart oppdaga og namngjeven av den russiske oppdagaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen på julaftan 1819. Bellingshausen kalla ho opp etter løytnant Ivan Zavodovski, som var kaptein på skipet «Vostok».[1]
Øya er kring 5 km lang og det høgaste punktet er 551 meter over havet. Stratovulkanen Mount Asphyxia dominerer vestsida av øya, medan austhalvdelen er ei lågtliggande lavaslette. Det vart oppdaga fersk lava frå Mount Asphyxia og fleire indikasjonar syner at han har vore aktiv sidan den gong. Kring 50 % av øya består av tefra. Eit vulkanutbrot vart oppdaga på øya 2. mai 2012, men storleiken av utbrotet er ikkje kjend.[2]
Det finst kring ein million par hekkande ringpingvinar på øya, noko som er ein av dei største pingvinkoloniane i verda.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.