From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvalfangst er jakt på kval. Kvalane vert jakta for kjøt og olje. Dei tidlegaste formene for kvalfangst går attende til minst 3000 fvt.[1] Forskjellige kystsamfunn har i lange tider levd av kvalfangst og stranda kvalar. Industrialiseringa av kvalfangsten oppstod med organiserte flåtar på 1600-talet, konkurrerande nasjonale kvalfangstselskap på 1700- og 1800-talet og innføringa av kvalkokeri på første halvdelen av 1900-talet.
Etter kvart som teknologien vart betre og etterspurnaden etter ressursane auka, vart det fanga kval langt over den berekraftige grensa for bestandane. Seint i 1930-åra vart det drepe meir enn 50 000 kval kvart år[2] og midt på 1900-talet byrja det å verte faretruande lite kval att. I 1986 forbaud Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) kommersiell kvalfangst, slik at bestanden kunne kome seg på fote att.
Sjølv om forbodet har vore ein suksess for å hindre utrydding av kvalartar på grunn av overfiske, er den pågåande kvalfangsten eit omstridd tema. Land som Noreg og Japan er for kvalfangst, og ønsker å oppheve forbodet på bestandar dei meiner det finst nok til å kunne jaktast på. Land og miljøgrupper som er imot kvalfangst seier at kvalartane framleis er sårbare og kvalfangst er umoralsk, uhaldbart og bør gjerast permanent forbode.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.