Anthony de la Roché

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anthony de la Roché

Antoine de la Roché (òg skrive Antonio de la Roché, Antonio de la Roca og Anthony de la Roché) var ein engelsk handelsmann fødd i London. Far hans var ein fransk hugenott og mor hans var engelsk. Under ei handelsreise mellom Europa og Sør-Amerika kom han ut av kurs og vart den første til å nå Sør-Georgia. Oppdaginga var den første av land sør for den antarktiske konvergensen.[1]

Kjappe fakta
Anthony de la Roché
StatsborgarskapKongeriket England
Fødd17. hundreåret
London
Død
Yrkeoppdagar
Lukk
Thumb
Kart som viser ruta til Anthony de la Roché i 1675

Oppdaginga av Sør-Georgia

Thumb
Drygalskifjorden der ein meiner Antonio de la Roché ankra opp.
Thumb
Drygalskifjorden

Etter å ha kjøpt eit 350-tonns skip i Hamburg og fått løyve frå spanske styresmakter til å drive handel med Spansk Amerika kom de la Roché til Kanariøyane i mai 1674 og i oktober same år kom han fram til Callao i visekongedømet i Peru. På tilbaketuren hans i april 1675 frå Chiloé i Chile til Baía de Todos os Santos i Bahia i Brasil vart han overraska av ein storm ved Isla de los Estados ved Eldlandet og blåst ut av kurs. Dei søkte ly i DrygalskifjordenSør-Georgia.

Neste dag klarna vêret opp og seglasen mot Brasil heldt fram. Antonio de la Roché kom til Salvador og deretter til La Rochelle i Frankrike 29. september 1675.[2][3][4][5][6]

James Cook kjende til oppdaginga til Antoine de la Roché og nemnte dette i skipsloggen sin då han kom til Sør-Georgia 14. januar 1775. Cook og mannskapet hans var dei første til å gå i land på Sør-Georgia. Øya vart kartlagt og teke på vegne av den britiske monarken. Øya fekk namnet Isle of Georgia etter Georg III av Storbritannia.[7]

Gough Island

Thumb
Gough Island

Fleire dagar etter at dei forlét Sør-Georgia kom dei ei ny folketom øy, der dei fann vatn, ved og fisk. Dei heldt seg seks dagar på øya utan å sjå teikn til andre menneske. Ein trur at dei var dei førte til å gå i land på Gough Island, ei øy som vart oppdaga av portugisaren Gonçalo Álvarez i 1505 eller 1506.[2][8]

Anna

Roché Peak, det høgaste punktet på Birdøya på nordspissen av Sør-Georgia er kalla opp etter Antoine de la Roché.[9]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.