From Wikipedia, the free encyclopedia
Montagu Island er den største av Sør-Sandwichøyane og ligg i Weddellhavet utanfor kysten av Antarktis. Ho er ein del av dei britiske Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og har ein aktiv vulkan. Ho ligg 60 km nordaust for Bristol Island og 62 km sør for Saunders Island.[1]
Montagu Island | |||
øy | |||
Sør-Sandwichøyane. | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Sør-Sandwichøyane | ||
Koordinatar | 58°25′S 26°23′W | ||
Høgaste punkt | Mount Belinda | ||
• høgd | 1 370 moh. | ||
Lengd | 12 km | ||
Areal | 110 km² | ||
Folketal | Ingen | ||
Øygruppe | Sør-Sandwichøyane | ||
Montagu Island 58.45°S 26.36°W | |||
Plasseringa til Montagu Island
| |||
Wikimedia Commons: Montagu Island | |||
Øya vart først oppdaga av James Cook i 1775 og kalla opp etter John Montagu, 4. jarlen av Sandwich og marineminster då ho vart oppdaga. Nordmannen Carl Anton Larsen var den første som steig i land på øya i 1908.
Den avsidesliggande, aude øya er kring 12 km lang og 10 km brei og over 90 % av øya er dekt av is. Vulkanen Mount Belinda er det høgaste punktet på øya med ei høgd på 1370 meter over havet. Ein trudde vulkanen var inaktiv fram til ein fann eit nytt, tynt oskelåg kring vulkanen i 2002.
I november 2005 synte satelittbilete at Mount Belinda hadde eit utbrot som hadde skapt ei 90 meter brei elv av lava på nordsida av øya. Dette utbrotet utvida arealet til øya med 0,2 kvadratkilometer.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.