fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Oceanodroma er ei biologisk slekt i stormsvalefamilien. Desse små stormsvalene held seg stort sett på den nordlege halvkula, unntaka er ringstormsvala og perustormsvala som lever utanfor vestkysten av Sør-Amerika. Dette er den største slekta i familien med i alt 14 nolevande artar som er godkjente etter versjon 6.6 av Clementslista. I tillegg høyrer den utdøydde guadalupestormsvala inn i denne slekta.
Oceanodroma | |
Gråstormsvale, Oceanodroma furcata Foto: C. Schlawe/US Fish and Wildlife Service | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Oceanodroma Reichenbach, 1853 |
Artane i denne slekta har diversitet i utsjånad og varierer i fjørdrakta frå heilt sotbrun som kaliforniastormsvala, til passatstormsvala som har kvit overgump og gråstormsvala med gjennomgåande lyse parti i fjørdrakta.
Dei har få artsspesifikke eigenskapar som er til nytte for identifikasjon, men måten dei flyg på er ofte særeigen for arten.[1]
Oceanodroma i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.