Passatstormsvale

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Passatstormsvale

Passatstormsvale (Hydrobates castro) er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien Hydrobatidae.

Kjappe fakta
Passatstormsvale
Thumb
Passatstormsvale
Utbreiing
Thumb
Utbreiinga av passatstormsvale
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Oceanodroma
Art: Passatstormsvale O. castro
Vitskapleg namn
Oceanodroma castro
Harcourt, 1851
Lukk
Thumb
Passatstormsvaleegg

Passatstormsvala er 19-21 cm i lengd med 43-46 cm vengespenn, og ho veg 44-49 gram. Ho er hovudsakleg mørk med ein omfattande kvit overgump der det kvite feltet går ned på sidene. I likskap med arten stormsvale, Oceanodroma leucorhoa, har ho kløfta hale, lange venger og fluktmønster, men passatstormsvala ein svakare kløfta hale, annleis forma kvit overgump og grovare nebb.

Ho hekkar på øyar i dei varmare delane av Atlanterhavet og Stillehavet. Det inkluderer Asorane og Madeira i Atlanterhavet, og Galapagosøyene i Stillehavet. Ho hekkar i koloniar nær havet og legg eit einskild kvitt egg. Resten av året leve ho til havs der ho plukkar opp byttedyr som virvellause dyr, små virveldyr og nokre gonger åtsel frå vassoverflata. Nokre gonger gjer dei grunne dukk, generelt 40-120 cm under overflata.

Populasjonen er estimert til 150 000 hekkande individ (2004) og er minkande.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.