fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Stormsvale (Hydrobates leucorhous, tidlegare Oceanodroma leucorhoa) er ein liten fugl i stormsvalefamilien. Stormsvala har ei normal kroppslengd på 18–21 cm og eit vengespenn på ca. 43–48 cm. Ho er ein svartbrun fugl med gråkvit overgump og kløfta hale. Stormsvala er tydeleg større enn havsvala, som ho liknar med kvitt band over overgumpen på ei elles mørk fjørdrakt.
Stormsvale | |
Stormsvale som er blåst inn på ei strand i Biscayabukta | |
Utbreiing og status | |
Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av stormsvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Hydrobates |
Art: | Stormsvale H. leucorhous |
Vitskapleg namn | |
Hydrobates leucorhous Vieillot, 1818 |
Stormsvale hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, og dessutan frå Japan til Aleutane og øyar utanfor vestkysten av Mexico. Den største kolonien av fuglane finst på Baccalieu-øya aust i Canada, der over 3 millionar par hekkar. Første indikasjonen på hekking i Noreg fekk ein då ein koloni vart oppdaga på Røst i Lofoten i 1961. Sikkert bevis for hekking fekk ein først fleire år seinare.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.