1818 (romartal MDCCCXVIII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
Utlandet
- 12. februar: Chile blei sjølvstendig republikk etter 7 års opprør mot den spanske kolonimakta.
- 1. august: Danmarks Nationalbank vart oppretta.[1]
Noreg
- 5. februar: Karl III Johan, i Sverige Karl XIV Johan blei konge av Noreg og Sverige.
- 7. september: Kroninga av Karl Johan i Trondheim
- August-oktober: Bondeopprøret 1818. 150 bønder reiste frå Hallingdal mot Christiania for å protestere mot Stortinget, inspirert av bondeføraren Halvor Hoel. Planen var å avsetja Stortinget. Flokken blei stansa på Heslafoss av soknepresten i Nes. Seinare på året reiste 180 hallingar nedetter dalen og samla folk frå Ringerike med planar om å gå mot hovudstaden. Desse blei forsøkt stansa av fogden på Ringerike, men heldt fram mot Christiania. Flokken blei stansa av militærtroppar i Bærum, og mange reiste heim. 300 mann blei sette på Akershus festning.
- 17. november: Justisdepartementet og Marinedepartementet vart skipa.[2][3]
- Langestrand kyrkje i Larvik vart innvigd.[4][5]
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1818.
- 1. januar: Jørgen Olafsen, norsk politikar
- 14. januar: Ole Jacob Broch, norsk matematikar og politikar
- 6. april: Aasmund Olavsson Vinje, norsk forfattar
- 8. april: Kong Kristian IX av Danmark
- 29. april: Tsar Aleksander II av Russland
- 5. mai: Karl Marx, tysk samfunnsforskar og filosof
- 30. juli: Emily Brontë, engelsk forfattar
- 3. august: Johannes Arnesson Øvsthus, norsk kyrkjebyggar
- 9. november: Ivan Turgenjev, russisk forfattar
- 18. desember: Carsten Tank Nielsen, norsk telegrafdirektør
- 24. desember: James Prescott Joule, britisk fysikar
Døde
- Sjå òg Døde i 1818.
- 5. februar: Kong Karl XIII av Sverige, Karl II av Noreg[6]
- 28. mars: Andreas Samuel Krebs, norsk militær[7]
- 20. juni: Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg, svensk og norsk dronning, enka etter Karl XIII[8]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.