Ringerike kommune
kommune i Buskerud From Wikipedia, the free encyclopedia
Ringerike er ein kommune i Buskerud fylke. Hønefoss er kommunesenter, og nesten halvparten av innbyggjarane i kommunen bur her. Andre tettstadar er Tyristrand, Sokna, Hen og Hallingby.
Ringerike kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Hønefoss | ||
Areal | 1 555 km² | ||
• land | 1 437 km² | ||
• vatn | 118 km² | ||
Folketal | 31 793 (1. januar 2025) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Kirsten Orebråten (Ap) | ||
Kommunenr. | 3305 | ||
![]() Ringerike kommune 60.205280555556°N 10.1525°E | |||
Wikimedia Commons: Ringerike | |||
Nettstad: www.ringerike.kommune.no | |||
Geografi
Ringerike strekker seg frå Oslomarka i søraust til åsane mot nedre Hallingdal i nordvest, og i Ådalen til nord for innsjøen Sperillen.
Kommunen er eit trafikk-knutepunkt der vegar som E-16, Rv. 7 og Rv. 35 og jarnbanelinjer som Bergensbanen, Randsfjordbanen og Roalinja møter kvarandre.
Historie
Namnet Ringerike er sett saman av dei norrøne orda Hringr (ring) og Riki (rike eller landskap). Dette namnet er blitt brukt sidan ein byrja å skriva norsk historie.
I 1964 blei dei tidlegare kommunane Hole, Norderhov, Tyristrand, Hønefoss og Ådal del av Ringerike kommune. Hole vart sidan ein eigen kommune igjen.
Næringsliv
Ringerike er den største jord- og skogbrukskommunen i eit fylke der dei fleste kommunane driv med desse næringsvegane. Dei viktigaste industrigreinene er treforedling (Norske Skogindustrier, Follum og Huhtamaki), betongproduksjon (Spenncon og Unicon), mekaniske verkstadar og kartproduksjon (Statens kartverk).
Folk frå Ringerrike
Bilete
- Ringerike rådhus frå 1962Foto: Tom Bjørnstad, 2008
- Hjulhus nr. 5 ved kjerraten i Åsa
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.