Guadalupestormsvale

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Guadalupestormsvale

Guadalupestormsvale, Hydrobates macrodactyla, var ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien som i dag tilsynelatande er utrydda. Denne arten var nesten umogleg å skilje frå slektningen sin, arten stormsvale (Hydrobates leucorhoa). I feltet kunne ein ikkje skilje dei frå kvarandre. I handa kunne guadalupestormsvala vere prega av litt større storleik og bleikare dekkfjører på undervengen.[1]

Kjappe fakta
Guadalupestormsvale
Thumb
Bilete av utstoppa eksemplar
Status
Status i verda: Kritisk truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Guadalupestormsvale H. macrodactyla
Vitskapleg namn
Hydrobates macrodactyla
Lukk

Guadalupestormsvala hekka utelukkande på Guadalupeøya utanfor Baja California i Mexico, og spreidde seg truleg i heile regionen utanom hekketida. Hekkesesongen låg mellom sesongane til dei lokale underartene av arten stormsvale, om vinteren Hydrobates leucorhoa cheimomnestes og sommaren H. l. socorroensis, i samsvar med prinsippet til Gause.[2]

Hekkinga føregjekk i tåkeskog på toppen av Mount Augusta. I midten av juni hadde nesten alle ungar forlate reirhòlene. Ein fann tre lusartar som parasittar på guadalupestormsvala. Ein av dei tre lusartane har til no ikkje blitt funnen på andre fuglar og synest å vere eit tilfelle av at parasitten blei utrydda saman med verten.[treng kjelde]

Forsvinninga

Innføringa av kattar til øya desimerte bestanden på slutten av 1800-talet. Ved utgangen av hekkesesongen 1906, vart populasjonen likevel rekna som talrik.[3] Trass dette vart det notert at

«Dødsrata blant desse fuglane frå herjingane til kattar som har overfalle øya er forferdelege - venger og fjører ligg spreidd i alle retningar rundt reirhòlene langs toppen av Pine Ridge.»[3]

Det vert sagt at dei to siste prøvene vart samla inn mellom 2. mai og 5. mai 1911[4] og siste registreringa av ei guadalupestormsvale skjedde i 1912.[5] Før år 2000 var utryddinga ikkje definitivt stadfesta på grunn av forvekslingsfaren med H. leucorhoa i feltet.

Frå juni 4 til 10 juni 2000, vart hekkeområda til guadalupestormsvala endeleg kartlagt på rett tidspunkt. Hadde arten overlevd ville nyleg flygeferdige ungfuglar vore til stades, attåt andre teikn på ein nyleg avslutta hekkesesong, som eggeskal og ferske brukte reirhòl med lukta av desse fuglane. Leiaren for ekspedisjonen, Exequiel Ezcurra ved San Diego Natural History Museum, sa fylgjande:

«Vi søkte grundig etter guadalupestormsvala, men klarte ikkje å finne ho. Diverre er vi no meir klår til å innrømme at arten faktisk er utrydda. Aldri sidan 1920-talet har så mykje leiteinnsats vore vigd til denne arten. På ulike tider såg meir enn 10 forskarar etter den unnvikande skapningen. Han var rett og slett ikkje der.»[1]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.