fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Perustormsvale (Hydrobates markhami) er ein liten sjøfugl, men stor medlem av stormsvalefamilien. Arten har beiteområdet sitt i den tropiske sona av austlege Stillehavet, utanfor nordlege Chile nordover til farvatna vest for Mellom-Amerika.[1]
Perustormsvale | |
Perustormsvale | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av perustormsvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Hydrobates |
Art: | Perustormsvale H. markhami |
Vitskapleg namn | |
Hydrobates markhami Salvin, 1883 |
Dette er ei stor og slank stormsvale, ca. 21-23 centimeter med eit vengespenn mellom 49 og 54 cm. Fjørdrakta er svart til sotbrun med eit gråaktig vengband som spring diagonalt over oversida av vengene. Ein annan medlem av stormsvalefamilien liknar i fjørdrakt og storleik, dette er bajastormsvale (Hydrobates melania), og kan vere vanskeleg å skilje frå perustormsvale.
Som kolonihekkar hekkar arten i naturlege sprekker og holrom i bakken i Nord-Chile og Peru. Desse holromma finst i ei skorpe av salpeteravsettingar danna i saltrike miljø kor vatnet har fordampa. Den første kjende kolonien vart først rapportert på Paracas-halvøya i Peru så seint som i 1992,[2] ein venta då at fleire koloniar enno ikkje var oppdaga. Ifølgje dagens kunnskap etter funn publisert i 2015 til 2019 hekkar dei fleste perustormsvaler i Chile;[3] meir enn nitti prosent av dei kjende koloniane finst i Chile, langt dei fleste i Atacama-ørkenen.[1] Para produserer eitt egg per sesong, som blir lagd på berr bakke utan hekkemateriale. Foreldra kjem til og forlèt reirplassen berre i nattemørket. Tidspunktet for hekkesesongen varierer både innanfor og mellom koloniar, av ukjende årsaker. Dietten til perustormsvala består av fisk, blekksprut og krepsdyr; rundt ti prosent av mageinnhaldet kan sporast til organisk avfall.[4]
Arten er oppført som nær trua av Verdas naturvernunion (IUCN). Trass i den relativt store populasjonen, estimert til mellom 150 000 og 180 000 individ i 2019, er arten trudd å vere i tilbakegang. Det primære trugsmålet er utvinning av salpeter frå områda der stormsvala har hekkehabitat.[1]
Ornitologen Osbert Salvin skildra først perustormsvale som Cymochorea markhami i 1883.[5][6] Det vitskapelege namnet markhami er etter Albert Hastings Markham, ein britisk oppdagingsreisande og marineoffiser som samla typeeksemplaret utanfor kysten av Peru.[7] Det norske artsnamnet vart publisert i 2008 då dei einaste kjende hekkestadene var i Peru.[8]
Ei forskargruppe skildra fuglen i 2019 som «ein av dei minst kjende sjøfuglane i verda».[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.