australsk songar, låtskrivar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kylie Ann Minogue (fødd 28. mai 1968 i Melbourne i Victoria i Australia), ofte berre kjent som Kylie, er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Etter å ha vore barneskodespelar på australsk fjernsyn livnærte ho seg som skodespelar i den australske såpeoperaen Neighbours, før ho byrja ein karriere som musikar i 1987.
Treng oppdatering |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Kylie Minogue | |||
Minogue i april 2015. | |||
Fødd | 28. mai 1968 (56 år) Melbourne i Victoria i Australia | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Melbourne | ||
Fødenamn | Kylie Ann Minogue | ||
Alias | «Princess of Pop» «Goddess of Pop» | ||
Opphav | Australia, Storbritannia | ||
Aktiv | 1987 til i dag (songar) 1979 til i dag (skodespelar) | ||
Sjanger | Pop, electropop, synthpop, dansepop, disco[1] | ||
Stemmetype | sopran | ||
Plateselskap | Mushroom Records Geffen Records Deconstruction Records Parlophone Capitol Records | ||
Verka som | songar, låtskrivar, skodespelar, produsent, motedesigner, forfattar, forretningskvinne | ||
Sambuar med | Olivier Martinez, Andrés Velencoso, Clément Sibony | ||
Prisar | ridder av Ordre des Arts et des Lettres, offiser av Den britiske imperieordenen, Hundreårsmedaljen, Gold Logie Award for Most Popular Personality on Australian Television, BRIT Award for International Female Solo Artist, BRIT Award for International Female Solo Artist, Australian National Living Treasure, Amadeus Austrian Music Award, offiser av Order of Australia, Order of Australia, Den britiske imperieordenen |
Minogue har selt over 70 millionar album på verdsbasis.[2] Ho har motteke høgvørde prisar, mellom anna fleire ARIA- og Brit-prisar, og ein Grammy-pris. Ho vart utnemnd til offiser av Order of the British Empire av dronning Elizabeth II i 2008 og Ordre des Arts et des Lettres av den franske regjeringa same året for det langvarige arbeidet sitt med musikk.
Den første singelen hennar, «The Loco-Motion», var sju veker på førsteplassen på den australske hitlista, og var den høgaste seljande singelen i Australia det tiåret. Dette byrja eit samarbeid med dei britiske produsentane og låtsrivarane Stock, Aitken og Waterman. Debutalbumet hennar, Kylie (1988), og singelen «I Should Be So Lucky» vart begge godt motteke på dei internasjonale hitlisten, særleg i Storbritannia og Australia. Minogue freista å formidle ein meir moden stil i musikken sin. Singlane hennar vart godt mottekne, men etter fire album var salet synkende, og ho forlét Stock, Aitken og Waterman i 1992 å etablere seg som ein sjølvstendig utøvar. Den neste singelen hennar, «Confide in Me», nådde førsteplassen i Australia og var ein hit i fleire europeiske land i 1994, etterfølgt av duetten med Nick Cave, «Where the Wild Roses Grow». Med inspirasjon frå ei rekkje musikalske stilar, tok Minogue kreativ kontroll over låtskriving for det neste albumet sitt, Impossible Princess (1997).
Minogue kom tilbake til rampelyset i 2000 med singelen «Spinning Around» og det dansepop-orienterte albumet Light Years, og ho opptredde under avslutningsseremonien i Sommar-OL 2000. Musikkvideoane hennar viste ein meir seksuelt provoserande og flørtane personlegdom, og fleire hitsinglar følgde. «Can't Get You Out of My Head» nådde førsteplassen på hitlistene i over 40 land, og albumet Fever (2001) var ein hit i mange land inkludert USA, ein marknad der Minogue tidlegare hadde fått lite gjennomslag.
Kylie Ann Minogue vart fødd 28. mai 1968 i Melbourne i Australia som det første barnet til Ronald Charles Minogue, ein rekneskapsførar av irsk opphav,[3] og Carol Ann Jones, ein tidlegare dansar frå Wales.[4] Ho er eldst av tre sysken, systera Dannii Minogue, er òg songar og skodespelar,[3] og ein dommar på Australia's Got Talent, medan broren Brendan arbeider som fjernsynskameramann.[5] Minogue-borna voks opp i Surrey Hills i Melbourne.[6]
Minogue-systrene byrja karrierane sine som born på australsk fjernsyn.[3] Kylie dukka opp i små rollar i såpeoperaer som The Sullivans og Skyways. I 1985 fekk ho ei av hovudrollene i serien The Henderson Kids.[7] I eit forsøk på å skape ein karriere innan musikk, laga ho ein demo for produsentane av det vekentlege musikkprogrammet Young Talent Time.[8] Ho deltok i serien i 1985, men vart ikkje invitert til å vera med vidare.[3] Ho fekk deretter ei rolle som Charlene Mitchell i såpeoperaen Neighbours i 1986,[6] ei rolle som gjorde henne kjend både i Australia og internasjonalt.[9]
Minogue sin karriere som musikar byrja då hennar versjon av 60-talslåta «The Loco-Motion» blei høyrd av ein leiar ved eit plateselskap.[10] Som den første singelen til Minogue heldt «The Loco-Motion» seg sju veker på førsteplassen på dei australske musikklistene. Den selde 200 000 eksemplar[8] og vart den bestseljande singelen på 1980-talet.[11] Etter dette byrja ho eit samarbeid med låtskrivarane Stock Aitken Waterman og plateselskapet PWL.[10] Singelen «I Should Be So Lucky» nådde fyrsteplass på topplistene i Storbritannia og andre europeiske land, Australia, Israel og Hong Kong,[12] og vart ein hit i mange delar av verda.
Det første albumet hennar Kylie (1988) heldt seg over eit år på den britiske albumlista, inkludert fleire veker på fyrsteplass.[13] Albumet selde ikkje så godt i USA og Canada, sjølv om singelen «The Loco-Motion» nådde nummer tre på Billboard Hot 100,[14] og førsteplass på den kanadiske hitlista. Det vart selt meir enn sju millionar på verdsbasis, det meste i Europa og Asia. «It's No Secret» vart utgjeven berre i USA og nådde nummer 37 i tidleg 1989,[14] og «Turn It into Love» vart utgjeve som singel i Japan og nådde fyrsteplass. I juli 1988 vart «Got to Be Certain» den tredje rake førsteplassen til Minogue på dei australske hitlistene.[15] Andrealbumet Enjoy Yourself (1989) vart ein suksess i Storbritannia, Europa, New Zealand, Asia og Australia, og inneheldt fleire suksessfulle singlar, blant anna «Hand on Your Heart» og «Tears on My Pillow»,[13] men det floppa i Nord-Amerika og Minogue vart droppa ut frå plateselskapet Geffen Records. Seinare la Minogue ut på den første turneen sin, Enjoy Yourself Tour, i Europa, Asia og Australia.[16]
Albumet Rhythm of Love (1990) presenterte ei meir sofistikert og vaksen form av dansemusikk. Fast bestemt på å bli akseptert av eit meir moge publikum, tok Minogue kontroll, fyrst med singelen «Better the Devil You Know», og presenterte seg sjølv som ei seksuelt mogen kvinne.[17] Singlane frå Rhythm of Love selte godt i Europa og Australia og var populære på britiske nattklubbar. Singelen «Shocked» vart den trettande britiske Top 10-singelen hennar på rad.[13] I februar 1991 la ho ut på den andre turneen sin, Rhythm of Love Tour.
Det fjerde albumet hennar, Let's Get to It (1991), nådde 15. plass på UK Albums Chart og var det første av albuma hennar som ikkje klarte å nå Top 10.[13] Den fjortande singelen, «Word Is Out», vart den første singelen hennar til å ikkje komme på Top 10.[13] Derimot kom dei etterfølgjande singlane «If You Were with Me Now» og «Give Me Just a Little More Time» høvesvis på fjerde- og andreplass.[13] Ho la ut på turneen Let's Get to It Tour i oktober 1991. Det første samlealbumet til Minogue, Greatest Hits, kom ut i 1992, og nådde førsteplassen på albumlista i Storbritannia[13] og tredjeplassen i Australia.[18]
Avtalen med Deconstruction Records vart mykje omtalt i media som byrjinga på ein ny fase i karrieren hennar. Det sjølvtitulerte albumet Kylie Minogue kom ut i september 1994, og selde godt i Europa og Australia. Det vart produsert av Dave Seaman og Steve Anderson, som tidlegare hadde produsert «Finer Feelings», den siste singelen hennar med PWL. Den første singelen «Confide in Me» heldt seg fem veker på fyrsteplassen av topplista i Australia.[19] Den andre singelen «Put Yourself in My Place» og den neste singelen «Where Is the Feeling?», nådde begge den Top 20-lista på UK Singles Chart.[13] Albumet nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart,[13] og totalt vart det selt 250 000 eksemplar av dette albumet.[20]
I denne perioden gjorde Kylie Minogue ein gjesteopptreden som seg sjølv i ein episode av den britiske TV-serien The Vicar of Dibley. Regissøren blei fascinert av omslagsbildet i det australske tidsskriftet Who Magazine der Minogue var framstilt som eit av dei vakraste menneska i verda, og tilbaud henne ei rolle i filmen Street Fighter (1994).[21] Filmen vart ein moderat suksess, han tente 70 millionar dollar i USA,[21] men fekk dårlege kritikkar. I 1995 samarbeidde Minogue med Nick Cave på songen «Where the Wild Roses Grow». Musikkvideoen var inspirert av John Everett Millais-måleriet Ophelia (1851–52), og viser Minogue som den myrda kvinna, flytande i ein dam medan ein slange sym over kroppen hennar. Singelen hausta stor merksemd i Europa, der han nådde Top 10 i fleire land, og andreplassen på listene i Australia.[22] Songen vann ARIA Awardar i kategoriane «Song of the Year» og «Best Pop Release».[23]
Sjettealbumet til Minogue kom i 1997 og heitte Impossible Princess. Albumet inneheld samarbeid med musikarar som James Dean Bradfield og Sean Moore frå Manic Street Preachers. Til å hovudsakleg vera eit dansepopalbum,[24] skilde den første singelen «Some Kind of Bliss» seg ut såpass at Minogue måtte slå tilbake påstandar om at ho prøvde å bli ein indieartist. Videoen til singelen «Did It Again» hylla dei tidlegare inkarnasjonane hennar, slik det framgår av biografien hennar Kylie: La La La.[25] Tidsskriftet Music Week gav ei negativ vurdering av albumet. I Storbritannia kom albumet ut med tittelen Kylie Minogue, grunna dødsfallet til Prinsesse Diana, og vart albumet med lågast sal i karrieren hennar. I Australia heldt Impossible Princess seg fleire veker på albumlista, og nådde fjerdeplassen,[26] slik at det vart hennar mest suksessfulle album sidan Kylie i 1988. Turneen Intimate and Live Tour i 1998 vart utvida på grunn av etterspurnaden.[27]
Minogue signerte med Parlophone i 1999. Albumet Light Years frå 2000 var ei samling av discoinspirerte dansepopsongar.[28] Det fekk gode platemeldingar og gjorde det bra i heile Asia, Australia, New Zealand og Europa, og selde over ein million eksemplar i Storbritannia.[29] Singelen «Spinning Around» vart den fyrste britiske singelen hennar på ti år til å nå fyrsteplass, og den tilhøyrande videoen viser Minogue i gylne hotpants. Dette vart rekna som «varemerket» hennar.[30][31] Singelen vart skildra av The Times som ein ny æra i synthpop. Den andre singelen, «On a Night Like This», nådde fyrsteplass i Australia[32] og andreplass i Storbritannia. I 2000 spelte Minogue «Dancing Queen» av ABBA og sin eigen singel «On a Night Like This» under avslutningsseremonien til OL i Sydney.[33] Ho drog på turneen On a Night Like This Tour i Australia og Storbritannia.
I 2001 gav Minogue ut albumet Fever.[34] Det nådde fyrsteplassen i Australia, Storbritannia, og mange land i Europa, og selde i overkant av åtte millionar.[35] Den første singelen «Can't Get You Out of My Head» vart den største suksessen i karrieren hennar, og nådde fyrsteplass i meir enn 40 land.[36] Minogue vann fire ARIA Awardar òg to Brit Awardar, for beste internasjonale kvinnelege soloartist og beste internasjonale album.[37] Tidsskriftet Rolling Stone skreiv at singelen «Can't Get You Out of My Head» var ein av dei beste dansesongane i det nye hundreåret. Fever nådde tredjeplassen på Billboard 200[38] og «Can't Get You Out of My Head» nådde nummer sju på Billboard Hot 100.[14] Dei påfølgjande singlane «In Your Eyes», «Love at First Sight» og «Come into My World» gjorde det bra over heile verda, og Minogue vart etablert i den nordamerikanske marknaden, særleg i klubbmiljøet. Etter denne suksessen sette ho i 2002 ut på ein stor turne rundt om i verda, KylieFever2002. Ein DVD frå turneen, KylieFever2002: Live in Manchester, vart kåra til den beste konserten det året. I 2003 vann Minogue ein Grammy-pris for «Love at First Sight»,[39] og året etter vann ho den same prisen for «Come into My World».[40]
Det neste albumet hennar, Body Language (2003), kom ut etter ein konsert i London kalla Money Can't Buy. Arrangementet presenterte ein ny visuell stil, delvis inspirert av Brigitte Bardot. Albumet er disco-prega, og vart inspirert av artistar frå 1980-talet som Scritti Politti, The Human League, Adam and the Ants og Prince, blanda med hiphop-element.[41] Albumet fekk positive meldingar i Billboard[42] og Allmusic,[43] som skildrar det som eit stort popalbum. Salet av Body Language var lågare enn venta etter suksessen med Fever,[35][44] men den første singelen «Slow» gjekk til topps på listene i Storbritannia og Australia.[45] Etter å ha nådd fyrsteplass på den amerikanske klubblista,[46] fekk singelen «Slow» ein Grammy-pris i kategorien «Best Dance Recording».[39] Albumet inneheld to andre singlar, «Red Blooded Woman» og «Chocolate».
Minogue gav ut eit andre offisielt samlealbum Ultimate Kylie i november 2004.[47] Albumet introduserte to nye singlar, «I Believe in You» og «Giving You Up». Singelen «I Believe in You» nådde den amerikanske Billboard-lista,[46] og var nominert til ein Grammy-pris i kategorien «Best Dance Recording».[48]
Tidleg i 2005 byrja Minogue-turneen sin, Showgirl: The Greatest Hits Tour, og etter å ha spelt i Europa, reiste ho til Melbourne, der ho vart diagnostisert med brystkreft.[49] I november 2006 fortsette turneen hennar med tittelen Showgirl: The Homecoming Tour med ein konsert i Sydney.[50] Minogue framførte duetten «Kids» med Bono som var i Australia med U2 med Vertigo Tour, men Minogue laut avlyse ein planlagt konsert med U2 på grunn av utmatting.[51]
Minogue gav ut det tiande studioalbumet sitt, X, i november 2007. Den første singelen frå albumet var «2 Hearts», som vart spelt på radio i oktober og gjeven ut for sal i november. Albumet og singelen nådde begge fyrsteplass i Australia.[52][53] X kom ut i USA i april 2008 og nådde Top 100 på albumlista.[38] Ifølgje britiske The Times hadde X selt ein million eksemplar i desember 2008. X fekk ein Grammy Award i 2009 for beste elektroniske dansealbum,[54] etter den femte Grammy-nominasjonen til Minogue. Dei påfølgjande singlane «In My Arms» og «Wow» nådde begge Topp 10 på UK Singles Chart. I USA vart albumet nominert til ein Grammy-pris i kategorien «Best Electronic/Dance Album» i 2009.[55]
I desember 2007 deltok Minogue på fredspriskonserten i Oslo,[56] og seinare spelte ho i finalen i det britiske TV-programmet The X Factor. I mai 2008 skapte Minogue blest om albumet X med ein europeisk turne, KylieX2008, som var den dyraste turneen hennar til då.[38][57] Minogue var med i dokumentarfilmen White Diamond frå 2007, medan ho fortsette turneen Showgirl: The Homecoming Tour.[58] Ho opptredde òg i programmet The Kylie Show, med Dannii Minogue, Jason Donovan og Simon Cowell.[59] I Doctor Who-episoden «Voyage of the Damned» frå 2007 spelte ho Astrid Perth.
Sist i desember 2007 vart det annonsert at Minogue var blant dei som skulle bli heidra av dronning Elizabeth II med ein Order of the British Empire for musikken sin.[60] Ho fekk offisielt tildelt ordenen frå Prins Charles i juli 2008.[61] I mai vart 2008 Minogue tildelt Ordre des Arts et des Lettres, den høgaste franske kulturprisen.[62] I slutten av september 2008 heldt Minogue den første konserten sin i Midtausten under opninga av eit eksklusivt hotell i Dubai.[63] I november fortsette ho turneen i Sør-Amerika, Asia og Australia. Turneen vitja 21 land og vart rekna som ein suksess, med eit samla billettsal på kring 70 millionar dollar.[64]
I september 2009 la Minogue ut på For You, For Me Tour, den første nordamerikanske turneen hennar, med konsertar i USA og Canada. Ho vart òg knytt til Bollywood-filmen Blue,[65] og stadfesta at ho jobba med det ellevte studioalbumet sitt.[65] I desember 2009 gav Minogue ut konsertealbumet Kylie: Live in New York. Albumet vart spelt inn i New York og inneheldt 25 songar.[66]
Det ellevte studioalbumet til Minogue, Aphrodite, kom ut i heile verda i juli 2010. Den første singelen «All the Lovers» vart gjort tilgjengeleg for kjøp i juni 2010. Albumet nådde fyrsteplass på hitlistene i Storbritannia, nøyaktig tjueto år etter den første britiske fyrsteplassen hennar.[67] Den andre singelen frå Aphrodite, «Get Outta My Way», kom ut den 27. september 2010. I oktober 2010 opptredde Minogue framfor sfinksen og pyramidane i Egypt for å feira årsdagen for eit tidsskrift.
«All the Lovers» og «Get Outta My Way» var populære i amerikanske klubbar og nådde begge fyrsteplassen på danselista til Billboard.[68] «Better than Today» nådde fyrsteplass på hitlistene og duetten hennar med Taio Cruz, «Higher», nådde tredjeplass.[69] Minogue og Parlophone gav i desember 2010 ut ein EP med tittelen A Kylie Christmas på iTunes, som inkluderte «Santa Baby»,[70][71] som tidlegare hadde vore ei B-side på singelen «Please Stay». I august 2011 nådde «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» òg fyrsteplass på Billboard-danselistene.[72]
I 2011 starta Minogue på Aphrodite World Tour knytt til albumet Aphrodite. Turneen vart den største hennar til dato og vart møtt med strålande kritikkar. Turneen vitja Europa, Nord-Amerika, Asia, Australia og Sør-Afrika. Ein DVD/Blu-ray-film av konserten filma i London vart gjeven ut i november 2011.[73]
For å markera sine 25 år i musikkbransjen byrja Minogue ei feiring i 2012 kjent som K25. Minogue annonserte i mars 2012 dei første datoane for konsertturneen Anti Tour, med B-sider og demoar frå katalogen hennar. Minogue gav ut ein ny singel, «Timebomb», 25. mai 2012 som ein del av K25, og eit ny samlealbum i juni med tittelen The Best of Kylie Minogue.[74] Minogue har hatt sju førsteplass-singlar og selt over 10,1 millionar singlar i Storbritannia, noko som gjer henne til den tolvte bestselgende singelsongaren i landet. Minogue gav ut samlealbumet The Abbey Road Sessions i oktober 2012. Albumet inneheld orkestrale versjonar av dei tidlegare songane hennar. Det vart innspelt på Abbey Road Studios i London og vart produsert av Steve Anderson og Colin Elliot. Albumet fekk gode kritikkar frå kritikarar og nådde andreplassen i Storbritannia.[75][76] Albumet inneheld to singlar, «Flower» og «On a Night Like This».[77]
I januar 2013 skilde Minogue lag med manageren Terry Blamey, som ho hadde arbeidd med sidan byrjinga av musikkarrieren.[78] I september 2013 samarbeidde ho med den italienske songaren og låtskrivaren Laura Pausini for singelen «Limpido», som nådde førsteplassen på topplista i Italia og vart nominert i kategorien «World's Best Song» ved World Music Awards.[79] Same månad vart ho tilsett som trenar i tredje sesongen av serien The Voice UK på BBC One. Den første episoden med Minogue i serien vart send den 11. januar 2014.[80] I november vart ho tilsett som ein ny trenar i tredje sesongen av The Voice Australia.
I mars 2014 gav Minogue ut det tolvte studioalbumet sitt, Kiss Me Once.[81] Albumet inneheld samarbeid med Sia Furler, Mike Del Rio, Cutfather og Pharrell Williams.[82] Albumet nådde topplassen i Australia og andreplassen på topplista i Storbritannia.[83][84] Singlar frå albumet, «Into the Blue» og «I Was Gonna Cancel», nådde ikkje Top 10 på UK Singles Chart, men kom på ein tolvteplass og ein 59. plass. I august 2014 opptredde Minogue under avslutningsseremonien til Samveldeleikane 2014. I september la Minogue ut på turneen Kiss Me Once Tour.[85]
I 1993 introduserte Baz Luhrmann Minogue til fotografen Bert Stern, kjent for arbeidet sitt med Marilyn Monroe. Stern fotograferte henne i Los Angeles, og samanlikne henne til Monroe, kommenterte han at Minogue hadde ei liknande blanding av sårbarhet og erotikk.[86] I løpet av karrieren sin har Minogue vald fotografar som freistar å skape nye bilete av henne, og resultata har dukka opp i rekkje tidsskrift, som The Face, Vogue og Vanity Fair. Minogue har dermed hatt ein breiare plass i den europeiske populærkulturen enn mange andre popsongarar som berre konsentrerer seg om å selje plater.[87]
I 2000 hadde Minogue oppnådd ein grad av musikalsk truverd etter å ha oppretthalde karrieren sin lenger enn det kritikarane hadde trudd.[88] Same år nemnde Birmingham Post at Minogue var på hitlistene som ei «pop-prinsesse». Tidlegare, i 1988, vart ho den mest suksessrike kvinnelege artisten på dei britiske hitlistene med den første singelen sin «I Should Be So Lucky».[89] Progresjon hennar til ein meir sofistikert musikar med ein flørtande og leiken personlegdom vann ho nye tilhengjarar.[88] Etter 20 år som utøver vart Minogue skildra som eit mote- og stilikon som stadig fornya seg. Ho har hatt mange vellukka turnear, og seld over 68 millionar plater over heile verda.[90][91]
Minogue har òg vorte inspirert av og samanlikna med Madonna gjennom heile karrieren sin.[6] Ho har motteke negative kommentarar om at turneen sin, Rhythm of Love Tour i 1991, var for like visuelt til turnéen Blond Ambition World Tour av Madonna frå året før. Kathy McCabe frå The Telegraph påpeikar at Minogue og Madonna følgjer liknande stilar i musikk og mote.[92] Rolling Stone kommenterte at, med unntak av USA, er Minogue ansa som ein rival til Madonna. Ho har fått denne nemninga ved ulike høve av mange fanst og journalistar, noko som viser hennar tilstedeværelse og lange tilstedeværelse i popmusikken. Kylie vart erklært av media som sexsymbol.[93][94]
I januar 2007 avduka Madame Tussauds i London det fjerde voksarbeidet av Minogue; berre dronning Elizabeth II har hatt fleire modellar av seg sjølv der.[95] Same veke vart eit arbeid med bronse av hendene hennar lagt på «Square of Fame» i Wembley Arena.[95] Ein bronsestatue av Minogue vart avduka den 23. november 2007 i Melbourne.[96] I mars 2010 vart Minogue kalla den «mektigaste kjendisen i Storbritannia».[97] Ein studie undersøkte korleis marknader identifiserte kjendisar og partnerskap. Ho vart utnemnd til ein av dei «100 Hottest Women of All-Time» av Men's Health.[98] Ifølgje Sunday Times Rich List hadde Minogue i mai 2011 ein nettoformue på 66 millionar dollar.[99]
Minogue vert rekna som eit homoikon.[41] Minogue har sagt at ho vart merksam på det homofile publikummet sitt i 1988, då det var fleire førestillingar i Sydney og ho seinare såg ei tilsvarande førestilling i Melbourne. Ho sa at ho følte «seg veldig rørt» over å ha eit slikt anerkjennande publikum, og dette hadde oppmuntra henne til å opptre på homo-arenaer over heile verda. I september 2007 vart Minogue hylla som det største homoikonet gjennom tidene av The Sun.[100]
Minogue hadde eit forhold til Jason Donovan medan dei var med i serien Neighbours. Ho hadde seinare eit forhold til INXS-songaren Michael Hutchence frå 1989 til 1991. Dei vart verande nære venner til han døydde i 1997. Minogue blei saman med den franske skodespelaren Olivier Martinez etter at ho møtte han i 2002 på Grammy Awards-seremonien.[101] Dei ende forholdet i februar 2007, men blei verande venner.[101] Minogue var saman med den spanske modellen Andrés Velencoso frå 2008 til 2013.[102][103]
Kylie Minogue fekk ein kreftdiagnose 17. mai 2005, noko som førte til at resten av Showgirl: The Greatest Hits Tour vart utsett.[104] Ho var lagt inn ved sjukehus Melbourne og fekk ein kort, intens periode med mediedekking, særleg i Australia, der statsminister John Howard gjekk ut og støtta henne.[105] Minogue gjekk gjennom ein operasjon 21. mai 2005 og byrja cellegiftbehandling kort tid etter.[105] I juli 2005 synte ho seg offentleg att etter operasjonen. Ho kom tilbake til Frankrike der ho fullførte cellegiftbehandlinga i Villejuif, nær Paris.[106] Barneboka hennar, The Showgirl Princess, vart skriven i løpet av rekonvalesensperioden og kom ut i oktober 2006. Ho lanserte sin eigen parfyme kalla Darling i november same året.[107] Denne parfymeserien vart seinare utvida med andre parfymar som Pink Sparkle, Couture og Inverse.[108] Tilbake i Australia snakka Minogue ut om sjukdomen og sa at cellegiftbehandlinga «kjendest som ei atombombe».[107] På The Ellen DeGeneres Show i 2008, sa ho at kreften opphavleg vart feildiagnostisert,[109] men ho har sidan og snakka om respekten ho har for den medisinske profesjonen.[110]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.