From Wikipedia, the free encyclopedia
The Times er ei britisk avis som kjem ut dagleg over heile landet, og som tradisjonelt har vore sett på som svært etterretteleg. Ho blir i dag utgjeven av News International, eit dotterselskap av News Corporation som mediemagnaten Rupert Murdoch eig.
The Times | |||
| |||
Land | Storbritannia[1] | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis, nettavis, avis,[2] periodikum[2] | ||
Grunnlagd | 1. Januar 1785'"`uniq--ref-00000003-qinu`"''"`uniq--ref-00000004-qinu`"' | ||
Eigarar | News International, News Corporation | ||
Grunnlegger(ar) | John Walter | ||
Redaktør(ar) | Flora Shaw (1893),[3] Robert Barrington-Ward (1941– 1948), James Harding (12. desember 2007– desember 2012)[4][5] | ||
Språk | Engelsk[3][2] | ||
Hovudkvarter | London | ||
ISSN | 0140-0460, 0956-1382, 1363-7746 | ||
OCLC | 992611467[2] | ||
Nettstad | https://www.thetimes.com/ (engelsk) |
I over to hundre år kom The Times ut i stort avisformat. I 2004 følgde ho eksempelet til The Independent og bytta til tabloidstorleik.
Avisa hadde i november 2005 eit gjennomsnittleg dagleg opplag på 692 581, ein rekord for den noverande redaktøren Robert Thomson. Dette er høgare enn konkurrenten The Daily Telegraph i laussal, men det totale salet av Telegraph er 905 955 på grunn av rundt 300 000 abonnentar.
«Ekte» tabloidaviser hadde mykje større opplag, størst i England for The Sun med 3 274 855.
Avisa blei grunnlagd i 1785 av John Walter. The Times var den første avisa som sende eigne korrespondentar utanlands, og den første som brukte krigsreportarar. W. H. Russell, som følgde den britiske hæren i Krimkrigen, fekk stor innverknad med stykkene han sende til avisa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.