From Wikipedia, the free encyclopedia
«I Should Be So Lucky» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue. Songen vart skriven og produsert av Stock Aitken Waterman for debutalbumet til Minogue, Kylie (1988). Songen kom ut som andre singelen frå albumet. Han vart ein kommersiell suksess og nådde Topp 10 på dei fleste listene han var inne på, og nådde førsteplassen i Storbritannia og Australia.
I Should Be So Lucky Singel av Kylie Minogue frå albumet Kylie | ||
B-side |
«I Should Be So Lucky» (Instrumantal) | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. desember 1987 (Australia) 1. januar 1988 (Storbritannia) | |
Innspelt | 1987 | |
Sjanger | Dansepop | |
Lengd | 3:24 | |
Selskap | PWL, Mushroom Records | |
Låtskrivar(ar) | Stock Aitken Waterman | |
Produsent | Stock Aitken Waterman | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«The Loco-Motion» (1987) |
I Should Be So Lucky | «Got to Be Certain» (1988)
|
Etter suksessen med singelen «The Loco-Motion» i Australia reiste Minogue til London for å arbeide med britiske låtskrivarar og produsentane Stock, Aitken og Waterman. Dei skreiv songen «I Should Be So Lucky». Songen har instrumentering for keyboard og gitar.
«I Should Be So Lucky» nådde nummer 90 på UK Singles Chart den 9. januar 1988 og steig etterkvart til førsteplassen, der han vart verande i fem veker. Han vart den tredje mest selde singelen i året med over 672 000 selde. I Noreg nådde songen førsteplassen på singellista og vart den bestseljande singelen i landet i 1988. Songen nådde òg førsteplass i Finland, Tyskland, Israel og Japan.
I USA nådde songen nummer 28 på Billboard Hot 100, og i Canada nådde songen nummer 25 på singellista. I Sverige selde singelen over 20 700 eksemplar, og i Frankrike 249 000 eksemplar.
Land | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts) | 1 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) | 4 |
Belgia (VRT Top 30) | 8 |
Frankrike (SNEP) | 4 |
Tyskland (Media Control Charts) | 1 |
Hongkong (IFPI) | 1 |
Irland (Irish Singles Chart) | 1 |
Japan (Oricon) | 1 |
Nederland (Dutch Top 40) | 12 |
New Zealand (RIANZ) | 3 |
Noreg (VG-lista) | 5 |
Sverige (Sverigetopplistan) | 13 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 1 |
Storbritannia (UK Singles Chart) | 1 |
USA (Billboard Hot 100)[1] | 28 |
USA (Hot Dance Club Songs)[1] | 10 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.