«Into the Blue» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue. Den vart skriven av Kelly Sheehan, Jacob Kasher, og Mike Del Rio. Songen vart innspelt i London på den 45. fødselsdagen til Minogue i mai 2013, og vart utgjeven som den første singelen frå det tolvte studioalbumet hennar, Kiss Me Once (2014).

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Into the Blue
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Kiss Me Once
B-side

«Sparks»

Språk engelsk
Utgjeve 27. januar 2014
Innspelt 28. mai 2013
London i England
Sjanger Elektronisk danse, powerpop
Lengd 4:08
Selskap Parlophone
Komponist Jacob Kasher, Kelly Sheehan, Mike Del Rio
Låtskrivar(ar) Kelly Sheehan
Mike Del Rio
Jacob Kasher
Produsent Mike Del Rio
Kylie Minogue-kronologi 
«Limpido»
(2013)
Into the Blue «I Was Gonna Cancel»
(2014)


Lukk

Listeplasseringar og sal

«Into the Blue» debuterte i Belgia på nummer 57 i Flandern og nummer 53 i Vallonia på Ultratip-listene. Songen nådde då tiandeplassen i Vallonia og var den første singelen av Minogue som nådde Top 10 på Ultratip sidan «Get Outta My Way» i 2010. Songen nådde 22. plass i Finland, 16. plass i Spania og nådde 19. plass i Ungarn.

«Into the Blue» nådde 46. plass i Australia med sal av 2 643 eksemplar, den første singelen frå albumet som ikkje nådde Topp 40 i landet. Songen fall ut av hitlistene på 96. plass med sal av 3 832 eksemplar i alt på to veker, og blei den mest mislukka førstesingelen hennar.

Songen vart utgjeven den 28. januar i Nord-Amerika og debuterte i USA på 39. plass på Dance/Electronic Digital Songs og 41. plass på Dance/Electronic Songs.[1] Songen debuterte på 52. plass på Hot Dance Club Songs og nådde seinare førsteplass den femte veka.[2]

Komposisjon

«Into the Blue» er ein elektronisk danse-song som inneheld instrumentering av synthesizer, keyboard og strengeinstrument. Teksten snakkar om å vere uavhengig, fri og lukkeleg.

Format og sporliste

Digital download 1
  1. "Into the Blue" – 4:08
Digital download 2
  1. "Into the Blue" – 4:08
  2. "Sparks" – 3:30
Digital remix
  1. "Into the Blue" (S-Man Deep Blue Remix) – 7:36
  2. "Into the Blue" (Patrick Hagenaar Colour Code Remix) – 6:22
  3. "Into the Blue" (Vanilla Ace Remix) – 6:22
Remix EP
  1. "Into the Blue" (Album Version) – 4:08
  2. "Into the Blue" (S-Man Deep Blue Remix) – 7:36
  3. "Into the Blue" (Patrick Hagenaar Colour Code Remix) – 6:22
  4. "Into the Blue" (Vanilla Ace Remix) – 6:22

Topplisteplasseringar

Meir informasjon Toppliste (2014), Listeplassering ...
Toppliste (2014) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 46
Austerrike (Ö3 Austria Top 40) 37
Belgia (Ultratip Flandern) 6
Belgia (Ultratip Vallonia) 3
Finland (Suomen virallinen lista) 22
Frankrike (SNEP) 70
Tyskland (Media Control Charts) 31
Ungarn (Rádiós Top 40) 12
Unkari (Mahasz) 19
Irland (Irish Singles Chart) 9
Italia (FIMI) 11
Japan (Japan Hot 100) 11
Luxemburg (Radio Luxembourg) 40
Kroatia (Croatian Airplay Chart) 4
Spania (PROMUSICAE) 16
Skottland (Official Charts Company) 10
Sveits (Schweizer Hitparade) 32
Storbritannia (UK Singles Chart) 12
USA (Hot Dance Club Songs) 4
USA (Dance/Electronic Songs) 26
Lukk

Utgjevingshistorie

Meir informasjon Land, Dato ...
Land Dato Format
Australia 27. januar 2014 Digital download
New Zealand
Australia 28. januar 2014 Remix EP
Tyskland 7. mars 2014 CD, digital download
Austerrike
Sveits
Irland
Storbritannia 9. mars 2014
Canada 11. mars 2014 Remix EP
USA 1. april 2014 Digital download
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.