Remove ads
grunnstoff med kjemisk symbol Cu og atomnummer 29 From Wikipedia, the free encyclopedia
Kopar er eit grunnstoff med kjemisk symbol Cu og atomnummer 29. Det er eit transisjonsmetall og høyrer til dei edle myntmetalla saman med sølv og gull, og dei er alle plassert i gruppe 11 i d-blokka i periodesystemet. Kopar er nødvendig for kroppen, men i store mengder er det giftig. Salt av kopar er oftast blå eller grøne.
| ||||||||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Kopar, Cu, 29 | |||||||||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Transisjonsmetall | |||||||||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 11, 4, d | |||||||||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 8920 kg/m3, 3,0 (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||
Utsjånad | Gyldenbrunt metallisk | |||||||||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
Atommasse | 63,546 u (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 135 (145) pm | |||||||||||||||||||||||||
Kovalent radius | 138 pm | |||||||||||||||||||||||||
Ioneradius | 73 pm (ladning: +2) | |||||||||||||||||||||||||
van der Waals radius | 140 pm | |||||||||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Ar] | |||||||||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 18, 1 | |||||||||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | +1, +2 (svak base) | |||||||||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Kubisk flatesentrert | |||||||||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Fast stoff | |||||||||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 1357,6 K (1084,4°C) | |||||||||||||||||||||||||
Kokepunkt | 2845 K (2572°C) | |||||||||||||||||||||||||
Molart volum | 7,11 cm3/mol | |||||||||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 300,5 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||
Smeltevarme | 13,14 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||
Damptrykk | 0,0505 Pa ved 1358 K | |||||||||||||||||||||||||
Ljodfart | 3570 m/s ved 20 °C | |||||||||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 1,90 (Paulings skala) | |||||||||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 385 J/(kg·K) | |||||||||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 57,9 MS/m | |||||||||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 401 W/(m·K) | |||||||||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 752 kJ/mol 1964 kJ/mol 3560 kJ/mol 5330 kJ/mol 7720 kJ/mol 9900 kJ/mol 13400 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt |
Kopar er ein god straumleiar og vert brukt i elektriske og elektroniske leidningar.
Den giftige eigenskapen til metallet gjer at ein kan bruka det for å hindra algevekst på skip og i oppdrettsanlegg.
Messing er ei legering av kopar og sink. Bronse er legering av kopar og tinn. Desse legeringane blir mykje brukt som eit vakkert og sterkt materiale i gjenstandar og bygningar. Kopar har òg vore mykje brukt i myntar.
Kopar er eit vanleg metall i jordskorpa, og har vore nokså lett tilgjengeleg for tidlege menneske, som skapte bronse og bronsealderen. I Noreg finne me kopar i det kaledoniske beltet frå Hardanger til Røros, med nokre spreidde felt lenger nord.
Ein byrja med gruvedrift i Noreg seint på 1400-talet. Det første norske koparverket starta i Sandsvær ved Kongsberg i 1490. Andre kopargruver i Noreg har lege i Kvikne, Røros, Løkken og Visnes. Den siste utvinningsstaden ligg på Karmøy og har gjeve namn til Kopervik.
Det meste av norsk kopar har gått til eksport. Mellom anna kler kopar frå Visnes Friheitsgudinna i New York-hamna.
Både kopar og koparsambindingar kan vera svært giftige for biologisk liv, særleg organismar som lever i vatn. Avrenning frå koparprodukt og gamle kopargruver er derfor eit stort problem for det naturlege miljøet rundt.
I alkymien meinte ein at kopar hadde samband med Afrodite/Venus på grunn av den vakre glansen, det at ein lenge hadde brukt kopar for å laga speglar, og fordi ein assossierte metallet med Kypros, som var ei heilag øy for gudinna. Symbolet for kopar i alkymien var derfor det same som for gudinna og planeten Venus.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.