From Wikipedia, the free encyclopedia
Klosterstaten til Den tyske riddarordenen (tysk Deutschordensland eller Ordenstaat) vart grunnlagd av Den tyske riddarordenen etter dei hadde erobra Preussen og dei heidenske gamalprøyssarane på 1200-talet. Han vart danna av riddarordenen i 1224 under dei nordlege krosstoga. Klosterstaten vart sekularisert i 1525 under reformasjonen og erstatta av Hertugdømet Preussen aust i Preussen.
Ordensstaat Klosterstaten til Den tyske riddarordenen | ||||
Sjølvstendig klosterstat så eit len i Polen | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hovudstad | Königsberg (Kaliningrad) | |||
Religion | Romersk-katolsk | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Stormeistrar av Den tysk riddarordenen | ||||
- 1209–39 | Hermann von Salza | |||
- 1510–25 | Albert av Brandenburg-Ansbach | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Dei nordlege krosstoga | 1224 | |||
- Absorbert av Livland | 1237 | |||
- Kjøpt av Neumark | 1404 | |||
- Hansaen forsvinn¹, Det prøyssiske forbundet oppretta | 1440 | |||
- Prestekrigen | 1467–79 | |||
- Reformasjonen | 1525 | |||
Hansabyane som reiv seg laus frå Den tyske riddarordenen i 1440 var Gdańsk, Elbląg og Toruń |
Mange hadde tidlegare prøvd å erobre dei prøyssiske områda utan hell. Konrad I av Masovia hadde fleire forsøk, men vart slått tilbake kvar gong og bad til slutt Den tyske riddarordenen om støtte. Resultatet vart eit krosstog mot prøyssarane og mange av riddarane i Europa slo seg med i krosstoget som til slutt varte i seksti år. Tidleg i 1224 annonserte keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket at Livland, Preussen og fleire omliggande provinsar var reichsfrei og skulle styrast direkte under den romersk-katolske kyrkja og Det tysk-romerske riket utan lokale herskarar. Mot slutten av 1224 utnemnde pave Honorius III biskop Vilhelm av Modena som pavelegat for Livland, Preussen og andre land. Med den keisarlege bullen i Rimini og pavebullen i Rieti fekk Den tyske riddarordenen Preussen som sitt landområde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.