Reformasjonen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Reformasjonen

Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå katolisisme til protestantisme i delar av Europa på 1500-talet. Reformasjonen vart utløyst av Martin Luther, som formulerte sine 95 tesar og ifølgje tradisjonen slo dei opp på kyrkjedøra i Wittenberg den 31. oktober 1517. Luther understreka kor viktig den individuelle trua er i høve til sakramenta og gode gjerningar. Han plasserte menneska meir direkte i høve til Gud enn ein gjorde i den katolske kyrkja. Reformasjonen spreidde seg etter kvart frå Nord-Tyskland til Skandinavia, Sveits og Frankrike. I England oppstod det parallelt ein reformasjon grunna i politiske omsyn, som etter kvart tok mykje av den same leia som reformasjonen på kontinentet.

Thumb
Martin Luther

Bakgrunnen for reformasjonen var ei tidlegare reformrørsle innan den katolske kyrkja, i tillegg til renessansen med sine studiar av gamle tekstar og vekt på individet. Utviklinga vart òg stimulert av oppfinninga av boktrykking, aukande handel og framveksten av ei mellomklasse og politiske motsetnader.

Det kom til ein lang og bitter konflikt mellom katolikkar og protestantar på 1500-talet, som var ein viktig grunn til trettiårskrigen. Seinare vart det organisert ei omdanning av den katolske kyrkja, ofte kalla den katolske motreformasjonen. Danmark-Noreg gjekk over til protestantismen i 1536/1537.

Sjå òg


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.