Preussen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Preussen (eller Preußen, latin Borussia eller Pruteina, latvisk Prūsija, polsk Prusy, gammalprøyssisk Prūsa) var namnet på ein geografisk region, eit hertugdøme, og frå 1701 eit kongerike som etter 1871 høyrde til Det tyske riket. Staten hadde i fleire hundreår stor innverknad på tysk og europeisk historie. Den siste hovudstaden i Preussen var Berlin.
Remove ads
Namnet kjem frå gamalprøyssarane, eit baltisk folk i slekt med med litauarane. «Gamle Preussen» vart seinare erobra av Den tyske riddarordenen og så sakte germanisert som ein del av Ordenstaat. Unionen mellom markgrevskapet Brandenburg og Hertugdømet Preussen i 1618 førte i 1701 til at Kongedømet Preussen vart oppretta.
Preussen hadde si stordomstid på 1700- og 1800-talet. På 1700-talet vart nasjonen ein europeisk stormakt under regjeringstida til Fredrik II av Preussen (1740–86). På 1800-talet prøvde kanslar Otto von Bismarck å samle dei tyske fyrstedøma i eit «Mindre Tyskland», som ekskluderte Det austerrikske riket.
Kongedømet Preussen dominerte Nord-Tyskland politisk, økonomisk og hadde flest innbyggjarar, og var kjernen i Det nordtyske forbundet, som vart oppretta i 1867. Dette vart ein del av Det tyske riket eller Deutsches Reich i 1871.
Då Hohenzollern-monarkiet enda i Tyskland etter den første verdskrigen, vart Preussen ein del av Weimarrepublikken som ein fristat i 1919. Preussen som stat vart oppheva de facto av nazistane i 1934 og de jure av dei allierte under den andre verdskrigen i 1947.
Remove ads
Sjå òg
Denne historieartikkelen som har med Preussen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads