Rieti (latin Raeta) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Rieti i regionen Lazio og har om lag 45 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Region ...
Rieti
by
Thumb
Den romerske porten i Rieti
Land  Italia
Region Lazio
Provins Rieti
Areal 206,46 km²
Folketal 45 276  (1. januar 2023)
Borgarmeister Giuseppe Emili
Postnummer 2100
Retningsnummer 0746
Thumb
Rieti
42.40443°N 12.856702°E / 42.40443; 12.856702
Wikimedia Commons: Rieti
Lukk

Byen ligg på ein liten åstopp oppfor ei vid slette ved sørenden av ein eldgamal innsjø. Innsjøen har derimot tørka inn og i dag er det berre to småvatn, Ripasottile og Cantalice.

Historie

Antikken

Reate var opphavleg ein viktig stad for sabinarane. Etter at romarane tok over området på 200-talet fvt. og landsbyen vart ein strategisk stad langs det tidlege romerske vegnettverket. Byen låg langs Via Salaria som var ein av dei største transportårene for salthandel mellom Roma og Adriahavet over Appenninane.

Gjennom eit djupt gjel i kalksteinen i nordenden av dalen gjorde Curius Dentatus slik at vatnet i innsjøen rann bort og ut i elva Nera. Det vide området vart så omgjort til ei frodig slette. Byen vart då flytta og forsterka med kraftige bymurar. Ei steinbru vart bygd over elva Velino og ein stor viadukt vart bygd for å føre folk og vogner frå Salaria-vegen og opp til sørporten av byen.

Mellomalderen

Etter Vestromarriket sitt fall vart Rieti øydelagd av barbarar, men heldt fram som ein viktig administrasjonsstad (gastaldato) medan han var under langobardane, som ein del av Hertugdømet Spoleto. Under frankarane var han hovudstad i eit grevskap. På 800- og 900-talet vart han plyndra av sarasenarar og i 1149 av normannarkongen Roger II av Sicilia.

Byen vart bygd opp at med hjelp frå Roma og frå 1198 vart Rieti ein fri kommune, støtta av guelfarane med eigen podestà.

Som sete for mange pavar vart Rieti ein stad der mange historiske hendingar. Konstanse av Hauteville gifta seg her med keisar Henrik VI (1185); Karl I av Anjou vart krona i domkyrkja i 1289 som konge av Puglia, Sicilia og Jerusalem av pave Nikolas I. Pave Gregorius IX feira kanoniseringa av heilage Dominikus her i 1234.

Sein mellomalder og nyare historie

Etter pavesetet vart flytta til Avignon vart Rieti erobra av Kongedømet Napoli då dei indre stridane mellom Welf og Ghibellini byrja. I 1354 vart han tatt tilbake av kardinal Albornoz, og seinare av føydalherrane i Alfani-familien som ein del av Kyrkjestaten. Ein plan om drenere meir av den omliggande sletta vart utført i hundreåret etter, men dette førte til stridar med byen Terni.

Rieti vart provinshovudstad i Kyrkjestaten frå 1816 ti l1860. Etter samlinga av Italia vart han først ein del av Abruzzi, før han vatr annektert til Lazio i 1923. Han vart provinshovudstad 2. januar 1923.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.