Viadukt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Viadukt

Viadukt (frå latin via, 'veg' og ducere, 'å føra') er ei bru over ein veg, dal, jernbanelinje eller anna hindring. Dei liknar gjerne klassiske romerske akveduktar i utforming, med fleire støttande bogar under som har lik avstand mellom seg.[1]

Thumb
Ein elegant viadukt ved Knaresborough i England, fullført i 1851 og som er 24 meter over vassflata.
Thumb
Ein viadukt ved Berwick-upon-Tweed i nordlege England.

Viaduktar over større elver eller fjordar vert kalla bruer. Romarane i antikken nytta ikkje nemninga viadukt. Det er ei moderne avleiing frå ein analogi med akvedukt.[2] Namnet viadukt vert sjeldnare brukt om slike konstruksjonar i Noreg, medan det er vanleg sørover i Europa.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.