From Wikipedia, the free encyclopedia
Eurovision Song Contest 1975 var den 20. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige som følgje av landets siger året før med ABBA og «Waterloo». Tevlinga blei arrangert av Sveriges Radio og arrangert laurdag 22. mars 1975 i St:Eriksmässan[2] i Stockholm. Dette var fyrste gongen Sverige arrangerte finalen, og det var den fyrste i Skandinavia sidan Danmark arrangerte i 1964. Den svenske regissøren, programleiaren og tv-produsenten Karin Falck leia sendinga.
Eurovision Song Contest 1975 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Talet på deltakarar auka til 19 land, noko som var ny rekord. Frankrike og Malta var tilbake, mens Tyrkia debuterte. Hellas, som debuterte året før, valde å stå over dette året.
I likskap med dei to føregåande åra, kunne deltakarane syngje på det språket dei ønskte. EBU innførte dette året ei ny juryordning og eit nytt poengsystem: Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Poengskalaen er framleis i bruk i dag.
Nederland vann sin fjerde siger med gruppa Teach-In og songen «Ding-a-dong», som fekk stor kommersiell suksess etter sigeren. Med fire sigrar var Nederland saman med Frankrike og Luxembourg dei mestvinnande landa i tevlinga, men det skulle bli dem siste sigeren til Nederland på 44 år – inntil Duncan Laurence vann i 2019 med «Arcade». Storbritannia fekk sin niande andreplass med The Shadows og «Let Me Be the One», mens Italias «Era» enda på tredjeplass. Frankrike og Luxembourg blei høvesvise nummer fire og fem. Noreg enda nok ein gong i den andre enda av resultatlista. Noreg var representert av Ellen Nikolaysen og låten «Touch My Life With Summer», skriven av Svein Hundsnes. Det norske bidraget enda nest sist med 11 poeng.
Etter sigeren til ABBA med «Waterloo» året før stod Sveriges Radio, i dag skild ut med tv-selskapet SVT, vertskap for tevlinga.
Lenge var den svenske kringkastaren usikker på om han i det heile tatt kunne ta på seg arrangementet, hovudsakeleg på grunn av dei høge kostnadane – anslegen til mellom 500 000 og 600 000 svenske kroner.[4][5] På denne tida tok vertskringkasteren på seg alle utgiftene, mens dei andre landa fekk delta og sende programmet utan å betale for det. Sidan Eurovision Song Contest stadig auka i omfang, vedtok EBU difor at tevlinga heretter skulle bli eit spleiselag mellom deltakerlanda. Kvart land skulle betale ein kontingent ut frå storleiken til landet og talet på lisensar.[5] Denne spleiseløsningen gjaldt fyrst frå og med 1976, slik at Sveriges Radio måtte betale heile tevlinga sjølv i 1975.[4]
Sveriges Radio la tevlinga til konferansesenteret S:t Eriksmässan, i dag kalla Stockholmsmässan[6], i Älvsjö i Stockholm. Salen kunne ta flere tusen publikummarar, men på grunn av store krav til tryggleik var det berre rundt 850 akkrediterte pressefolk og delegasjonsmedlemmar i salen.[7] Sveriges Radio fekk heller ikkje billettinntekter på arrangementet, sidan EBU ikkje tillot billettsal.[7] Sendinga blei overført til 34 land med eit potensielt publikum på opptil 600 millioner sjåarar.[8] Sendinga var rekordlang – 2 timar og 12 minutt.[9]
Frankrike og Malta var tilbake i tevlinga, og Tyrkia, som allereie hadde sendt finalen i fleire år, debuterte.[10] Dimed stilte rekordmange 19 land på scena i Stockholm. I likskap med dei to føregåande åra, kunne landa synge på det språket dei ønskte. Alle dei nordiske landa og Nederland framførte sine bidrag på engelsk. Startrekkjefølgja blei avgjord ved loddtrekking.
Programleiar var Karin Falck som hadde jobba i svensk fjernsyn sidan 1955.[11] Finalen starta med ein film som tok for seg svensk historie og kultur på ein humoristisk måte. Deretter ønskte Karin Falck velkommen på svensk, før ho fortsatte på engelsk og fransk. Kvart land blei introdusert med ein videofilm som viste artisten til landet som prøvde å måle eit sjølvportrett og flagget til landet sitt.
Startrekkefølgja var avgjord ved loddtrekking. Nederland opna tevlinga og avslutta framsyninga si med å knuse ein liten glaskolbe. Det var også fleire andre minneverdige augneblink blant framsyningane: Joy Flemming frå Tyskland stilte i mørkegrøn kjole og leverte ei meget engasjert framsyning av bidraget «Ein Lied kann eine Brücke sein».[12] Komponisten til songen, Rainer Pietsch, var også dirigenten til Tyskland, og han leverte ei like engasjert framsyning då han nærast trampa orkesteret i gong.[13]
Storbritannia stilte med det tidlegare bandet til Cliff Richard‚ The Shadows. Under prøvene hadde vokalisten til bandet, Bruce Welch, gløymt teksta fleire gongar. På direkten snubla han nok ein gong i teksta og snudde seg til resten av bandet og braut ut: «Eg visste det!» for open mikrofon.[14] Trass dette fekk songen «Let Me Be the One» ein andreplass, den niande andreplassen til Storbritannia. Etter finalen gjekk det britiske bidraget inn på singellistene i Storbritannia og Irland, og i Noreg låg songen 15 veker på VG-lista med ein andreplass som toppnotering.[15]
Italia kom på tredjeplass og fekk også stor kommersiell suksess med sin «Era». Låten låg på VG-lista i 15 veker med ein tredjeplass som høgaste notering.[16] Også det svenske bidraget, «Jennie, Jennie», nådde VG-lista og låg der i seks veker med sjuandeplass som høgaste.[17]
Størst suksess fekk vinnarlåten, nederlandske «Ding-a-dong» med Teach-In, skriven av Dick Bakker, Will Luikinga og Eddy Ouwens. I Noreg toppa songen VG-lista i åtte veker og låg på lista i til saman 20 veker.[18] Songen toppa også hitlistene i Danmark og Sveits, og han nådde ein tredjeplass heime i Nederland.[18]
Noreg deltok i Eurovision Song Contest for 15. gong og blei dette året representert av Ellen Nikolaysen. Ho deltok i 1973 som ein del av Bendik Singers, og ho hadde vunne den norske finalen i januar 1975 med låten «Det skulle ha vært sommer nå», skriven av Svein Hundsnes. Songen blei omsett til engelsk før den internasjonale finalen og fekk tittelen «Touch My Life (With Summer)».
Pressa var lite begeistra for den norske balladen og dei andre bidraga i den norske finalen. Jurymedlem Terje Rypdal gjekk ut i VG og slakta dei innsendte bidraga til den norske finalen og etterlyste nytenking: «På meg kan det virke som om folk binder seg fullstendig når det blir snakk om Melodi Grand Prix. Da tenker man akkurat som man har gjort de siste årene. Nytenkning virker nesten uhørt.» sa Rypdal.[19] Heller ikkje Aftenposten var særleg positiv etter den norske finalen: «En norsk Grand Prix-melodi er like uforanderlig som sfinxen. De fleste av lørdagens finalemelodier kunne like gjerne deltatt i 50-årene.»[20]
Heller ikkje artisten sjølv, Ellen Nikolaysen, var særleg optimistisk før den internasjonale finalen. Då Aftenposten spurde ho om vinnarsjansane til låten, svara ho nøkternt: «Jeg tror det skal bli vanskelig for den å komme opp. Den sitter ikke med én gang, man må høre den en fem–seks ganger først. Men man får jo gjøre så godt man kan.»[21] Det norske bidraget gjorde då heller ikkje særlig inntrykk på dei europeiske juryane. «Touch My Life (With Summer)» fekk berre 11 poeng: to frå Nederland, to frå Monaco og sju frå Italia. Det heldt til ein nest sisteplass av 19 deltakarar.[22]
Med til Stockholm var Carsten Klouman som dirigent for Noreg, mens John Andreassen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet.[23] Erik Heyerdahl kommenterte for NRK Radio,[24] mens Sverre Christophersen las dei norske poenga frå studio på NRK Marienlyst i Oslo.
Dette året innførte EBU eit nytt poengsystem. Forslaget kom frå underhaldingssjefen i finske Yle, Heikki Seppälä, som ønskte å unngå at land fekk null poeng, og for mange delte plasseringar.[25]
Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve medlemmar mellom 16 og 60 år.[8] Jurymedlemmane bedømte songane til dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman dei individuelle røystene til dei elleve jurymedlemmane. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng.[9] Altså gav kvar jurygryppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Clifford Brown frå EBU.
Kvart land hadde ein representant som las opp poenga via telefon på direkten under avrøystinga. Poenga blei ikkje lesne opp i stigande rekkefølgje frå 1 til 12 som seinare (ordninga med å lese opp poenga frå 1 til 12 byrja i 1980). I staden blei poenga lesne opp i kronologisk rekkefølgje ut frå startrekkefølgja. Dette skulle gjere det enklare for operatørane av den manuelle poengtavla å halde følgje, slik at dei raskt og korrekt fekk oppdatert poengsummen til kvart land undervegs.[26]
Avrøystinga blei eit tett løp mellom Nederland og Storbritannia, og dei to landa følgde kvarandre stort sett under heile avrøystinga. Det var fyrst då Sverige røysta som nest siste land, at Nederland sikra seg sin fjerde siger. Storbritannia kom på andreplass for niande gpng. Fjorårsvinnar ABBA var ikkje til stades for å overlevere prisen, i staden var det generalsekretæren i EBU, Henrik Hahr, som delte ut prisen til Dick Bakker, Will Luikinga og Eddy Ouwens, som hadde skrive «Ding-a-dong».
Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[27] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.
Startnr. | Land | Artist | Song | Språk[28] | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | Nederland | Teach-In | «Ding-a-dong» | Engelsk | 1 | 152 |
02 | Irland | The Swarbriggs | «That's What Friends Are For» | Engelsk | 9 | 68 |
03 | Frankrike | Nicole Rieu | «Et bonjour à toi l'artiste» | Fransk | 4 | 91 |
04 | Tyskland | Joy Fleming | «Ein Lied kann eine Brücke sein» | Tysk, engelsk | 17 | 15 |
05 | Luxembourg | Géraldine | «Toi» | Fransk | 5 | 84 |
06 | Noreg | Ellen Nikolaysen | «Touch My Life (With Summer)» | Engelsk | 18 | 11 |
07 | Sveits | Simone Drexel | «Mikado» | Tysk | 6 | 77 |
08 | Jugoslavia | Pepel in kri | «Dan ljubezni» | Slovensk | 13 | 22 |
09 | Storbritannia | The Shadows | «Let Me Be the One» | Engelsk | 2 | 138 |
10 | Malta | Renato | «Singing This Song» | Engelsk | 12 | 32 |
11 | Belgia | Ann Christy | «Gelukkig zijn» | Nederlandsk, engelsk | 15 | 17 |
12 | Israel | Shlomo Artzi | «At va'ani» (את ואני) | Hebraisk | 11 | 40 |
13 | Tyrkia | Semiha Yankı | «Seninle Bir Dakika» | Tyrkisk | 19 | 3 |
14 | Monaco | Sophie | «Une chanson c'est une lettre» | Fransk | 13 | 22 |
15 | Finland | Pihasoittajat | «Old Man Fiddle» | Engelsk | 7 | 74 |
16 | Portugal | Duarte Mendes | «Madrugada» | Portugisisk | 16 | 16 |
17 | Spania | Sergio og Estibaliz | «Tú volverás» | Spansk | 10 | 53 |
18 | Sverige | Lasse Berghagen | «Jennie, Jennie» | Engelsk | 8 | 72 |
19 | Italia | Wess og Dori Ghezzi | «Era» | Italiensk | 3 | 115 |
Artist | Land | Deltok i | Merknadar |
---|---|---|---|
Ellen Nikolaysen | Noreg | 1973 | Som del av gruppa Bendik Singers |
Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[29]
Deltakarland | Poenggjevande land | Sum | Plass | ||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Nederland | 8 | 5 | 8 | 10 | 12 | 6 | 8 | 12 | 12 | 3 | 12 | 4 | 10 | 10 | 7 | 12 | 12 | 1 | 152 | 1 | |
Irland | 6 | 6 | 4 | 7 | 1 | 6 | 4 | 12 | 1 | 4 | 3 | 10 | 4 | 68 | 9 | ||||||
Frankrike | 8 | 12 | 3 | 8 | 7 | 2 | 7 | 1 | 7 | 12 | 8 | 8 | 8 | 91 | 4 | ||||||
Tyskland | 8 | 3 | 4 | 15 | 17 | ||||||||||||||||
Luxembourg | 12 | 10 | 3 | 7 | 3 | 5 | 6 | 5 | 5 | 8 | 6 | 4 | 10 | 84 | 5 | ||||||
Noreg | 2 | 2 | 7 | 11 | 18 | ||||||||||||||||
Sveits | 7 | 2 | 10 | 6 | 2 | 1 | 5 | 6 | 8 | 7 | 5 | 4 | 2 | 12 | 77 | 6 | |||||
Jugoslavia | 3 | 4 | 2 | 5 | 1 | 7 | 22 | 13 | |||||||||||||
Storbritannia | 4 | 3 | 12 | 10 | 12 | 7 | 8 | 12 | 8 | 10 | 10 | 12 | 7 | 5 | 10 | 5 | 3 | 138 | 2 | ||
Malta | 1 | 8 | 5 | 2 | 4 | 2 | 7 | 1 | 2 | 32 | 12 | ||||||||||
Belgia | 5 | 7 | 3 | 2 | 17 | 15 | |||||||||||||||
Israel | 10 | 1 | 1 | 1 | 1 | 5 | 2 | 1 | 1 | 6 | 3 | 6 | 2 | 40 | 11 | ||||||
Tyrkia | 3 | 3 | 19 | ||||||||||||||||||
Monaco | 3 | 4 | 2 | 1 | 2 | 2 | 3 | 5 | 22 | 13 | |||||||||||
Finland | 5 | 12 | 6 | 10 | 12 | 5 | 4 | 8 | 8 | 1 | 3 | 74 | 7 | ||||||||
Portugal | 2 | 12 | 2 | 16 | 16 | ||||||||||||||||
Spania | 7 | 5 | 3 | 5 | 4 | 4 | 4 | 3 | 4 | 8 | 6 | 53 | 10 | ||||||||
Sverige | 7 | 7 | 8 | 1 | 6 | 7 | 2 | 3 | 8 | 6 | 6 | 6 | 5 | 72 | 8 | ||||||
Italia | 6 | 4 | 4 | 3 | 6 | 10 | 10 | 10 | 10 | 6 | 5 | 10 | 1 | 12 | 10 | 7 | 1 | 115 | 3 |
Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversyn over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.
Tal | Mottakarland | Land som gav 12 poeng |
---|---|---|
6 | Nederland | Israel, Malta, Noreg, Spania, Sverige, Storbritannia |
4 | Storbritannia | Frankrike, Luxembourg, Monaco, Jugoslavia |
2 | Finland | Tyskland, Sveits |
Frankrike | Irland, Portugal | |
1 | Irland | Belgia |
Italia | Finland | |
Luxembourg | Nederland | |
Portugal | Tyrkia | |
Sveits | Italia |
I likskap med fjoråret var Eurovision Song Contest kobla til fleire politiske hendingar. Hellas trekte seg frå tevlinga i protest mot at Tyrkia skulle delta. Dei to landa var i politisk konflikt med kvarandre etter den tyrkiske invasjonen av Kypros sommaren før.[30] Hellas og Tyrkia veksla på å delta i Eurovision Song Contest åra etter, og det var fyrst i 1978 at dei to landa deltok saman i Eurovision Song Contest.[31]
Etterretningsrapportar peika ut Eurovision Song Contest som eit mogleg mål for terroristgruppa Rote Armee Fraktion og japanske terroristgrupper. Terrorfaren stilte store krav til tryggleiken rundt artistane, arenaen og i Stockholm generelt.[32][33] Særleg var tryggleiksoppbodet strengt rundt den israelske delegasjonen.[34] Arrangementet gjekk for seg utan nokon alvorlege hendingar, men RAF angrep den vesttyske ambassaden i Stockholm ein månad seinare.[35]
Sendinga gjekk ut til land over heile Europa, delar av Asia og delar av Sør-Amerika. Chile var blant landa som skulle overføre sendinga, noko som møtte protestar frå det svenske Teaterförbundet. Bakgrunnen var militærkuppet til Augusto Pinochet i Chile to år tidlegare, og forbundet ville vise sin sympati med sine chilenske kollegaar. Forbundet nekta den svenske representanten, Lasse Berghagen, å stille på scena om sendinga skulle bli overført til Chile. Dette kunne Teaterforbundet gjere, sidan programmet også blei sendt utanfor Det europeiske kringkastingsområdet. Til slutt bøygde Sveriges Radio av, og programmet blei ikkje kringkasta til Chile.[36][37]
På heimebane i Sverige storma det også kraftig. Den svenske venstresida protesterte heftig mot at Sveriges Radio skulle bruke pengar på eit show som promoterte popkultur og lett underhalding. Protestane utvikla seg til en kulturell rørsle som protesterte mot popkulturen, og striden blei tema i ei rekkje tv-program fram mot finalen.[38] Eit 40-tals organisasjonar innan politikk, musikk og kultur gjekk sammen om å arrangere ein alternativ musikkfestival, Alternativfestivalen, i Stockholm dagane før Eurovision Song Contest 1975.[39] Mens svensk TV1 sende Eurovision, sende TV2 program frå den alternative festivalen. Pressa kunne melde om «borgarkrig» mellom dei to systerkanalane. Blant anna måtte TV2 låne teknisk utstyr frå Finland, fordi TV1 hadde lagt beslag på det meste for å produsere Eurovision Song Contest.[40] Kritikarane kravde at Sverige skulle trekkje seg frå Eurovision Song Contest, og at Sveriges Radio skulle bruke mindre ressursar på popkultur og lett underhalding.[41] Sveriges Radio trekte seg også frå Eurovision Song Contest året etter, hovudsakeleg på grunn av den sterke kritikken. Sverige var tilbake igjen i Eurovision Song Contest i 1977.
I Noreg gjekk fortsatt debatten om NRK skulle delta i Eurovision Song Contest eller ikkje. Komponisten Egil Monn-Iversen meinte tevlinga hadde fjerna seg frå sin grunntanke og hadde i fleire år kjempa for at Noreg skulle trekkje seg. Redaksjonssekretæren i NRK, Sverre Christophersen, var på sin side ein ivrig forkjempar for norsk deltaking og samanlikna Eurovision Song Contest med eit reptilshow: Folk «vil se slangene, men gyser ved synet!».[4] Mona Levin i Aftenposten samla Monn-Iversen og Christophersen til ein diskusjon i november 1974. Her argumenterte Monn-Iversen for at songane måtte bli dømde av profesjonelle musikarar, og ikkje lekfolk. Christophersen parerte med at «Vi må ikke ta Grand Prix så gravalvorlig». Til dette kommenterte Monn-Iversen: «Men tenk så mye fin populærmusikk som kunne fremkommet med en faglig vurdering. Gershwins musikk f.eks. har kvaliteter som alle musikere ville akseptere» – der Christophersen svarte: «Spørsmålet er om Gershwin ville vært god nok til Melodi Grand Prix i 1975!»[4]
Rett før den internasjonale finalen gjekk delar av norsk kulturliv til aksjon mot norsk deltaking. Dei kravde at NRK trekte seg frå tevlinga, siden grand prix-musikken hadde utvikla seg til ein «egen genre i musikk og tekst som ikke har noen naturlig plass i norsk musikkliv».[42] Blant dei mange som hadde signert kampanjen, var organisasjonar som Det Norske Studentersamfund, Norsk jazzforbund, plateselskapet MAI, foreninga NyMusikk og kulturpersonlegdommar som Lillebjørn Nilsen, Finn Ludt, Lars Klevstrand, Erling Nielsen og Synne Skouen.[42] Nok ein gong måtte programsekretær Sverre Christophersen rykkje ut og ta tevlinga i forsvar: «Man kan ikke se bort fra at det faktisk er det mest populære programmet vi sender i året – på godt og vondt (…) Det er uhyre sjelden vi støter på dem som ikke gidder å se.»[43] Christophersen retta også eit spark mot den danske ålmennkringkastaren, DR, som ikkje deltok i Eurovision Song Contest i åra 1967–1977. Christophersen fortalde at danskane i staden såg svensk og tysk tv når tevlinga gjekk, og la til: «Da er DR ingen god service-institusjon for danske seere.»[4] Men Danmark byrja å sende Eurovision Song Contest på DR igjen frå 1974, og dei deltok igjen frå 1978.
Debatten om norsk deltaking hadde pågått i mange år allereie, og delar av norsk kultur- og musikkliv var kritiske til tevlinga.[44] NRK heldt fast på norsk deltaking og møtte kritikken frå kulturlivet med å innta ein ikkje-kommersiell innstilling til tevlinga utover 1970-åra. I den norske finalen i 1975 blei finalelåtane berre dømde av fagfolk.[45][46]
Mens Mats Olsson var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakerlanda, lista etter startrekkefølgja.[47]
Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon.[48] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga:
Finalen blei overført til 34 land med eit potensielt publikum på over 500 millionar sjåarar. Dei fleste deltakerlanda hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1975:[55]
Land | Kringkastar | Kanal | Kommentator | Kilde |
---|---|---|---|---|
Belgia | BRT | BRT | Nederlandsk: Herman Verelst | [56][57][58][59][60] |
BRT Radio 1 | Ukjend | |||
RTB | RTB | Fransk: Paule Herreman | [56][58][59][61] | |
Finland | Yle | TV1 | Heikki Seppälä | [62][63] |
Rinnakkaisohjelma | Erkki Melakoski | |||
Frankrike | TF1 | Georges de Caunes | [61][64][65] | |
Irland | RTÉ | RTÉ | Mike Murphy | [66][67] |
RTÉ Radio | Liam Devally | [68][69] | ||
Israel | IBA | Israelsk fjernsyn | Ingen kommentator | [70] |
Italia | Rai | Programma Nazionale | Silvio Noto | [71][72] |
Secondo Programma | ||||
Jugoslavia | JRT | TVB 1 | Serbisk: Milovan Ilić | [73] |
TV Koper-Capodistria | Italiensk: Ukjend | [72] | ||
TVL1 | Slovensk: Tomaž Terček | [74][75] | ||
TVZ 1 | Kroatisk: Oliver Mlakar | [73][76] | ||
Luxembourg | CLT | RTL Télé-Luxembourg | Jacques Navadic | [61][77] |
Malta | PBS | MTV | Norman Hamilton | [78][79] |
Radio Malta | ||||
Monaco | Télé Monte-Carlo | Brukte Frankrikes kommentator | ||
Nederland | NOS | Nederland 2 | Willem Duys | [59][80] |
Noreg | NRK | NRK Fjernsynet | John Andreassen | [23] |
NRK Radio | Erik Heyerdahl, sendt i opptak frå 23.00 | [24] | ||
Portugal | RTP | I Programa | Júlio Isidro | [81][82] |
Spania | TVE | TVE 1 | José Luis Uribarri | [83][84] |
Storbritannia | BBC | BBC1 | Pete Murray | [50][85] |
BBC Radio 1, BBC Radio 2 | Terry Wogan | [86][87] | ||
BFBS | BFBS Radio | Richard Astbury | [50] | |
Sveits | SRG SSR | TV DRS | Tysk: Theodor Haller | [74][88] |
TSR | Fransk: Georges Hardy | [65] | ||
RSR 1 | Fransk: Robert Burnier | [89] | ||
TSI | Italiensk: Giovanni Bertini, sendt i opptak 23. mars 1975 | [71][90] | ||
Sverige | Sveriges Radio | TV1 | Åke Strömmer | [54][62] |
SR P3 | Ursula Richter | |||
Tyrkia | TRT | TRT Televizyon | Bülend Özveren | [74][91] |
Tyskland | ARD | Deutsches Fernsehen | Werner Veigel | [59][88][92] |
Ifølge arrangørane blei sendinga overført til 15 ikkje-deltakande land, blant andre fleire austeuropeiske land via Intervision. I tillegg blei sendinga overført i Hongkong, Island, Japan, Jordan og Sør-Korea.[5] Ei planlagt overføring i Chile av TVN blei stogga av Sveriges Radio, etter press frå svenske Teaterförbundet. Bakgrunnen var militærkuppet til Augusto Pinochet i Chile to år tidlegare, og forbundet ville vise sin sympati med sine chilenske kollegaer.[63][93]
Land | Kringkastar | Kanal | Kommentator | Kilde |
---|---|---|---|---|
Danmark | Danmarks Radio | DR TV | Per Møller Hansen | [94] |
Island | RÚV | Sjónvarpið | Dóra Hafsteinsdóttir, sendt i opptak 13. april 1975 | [95] |
Hellas | EIRT | EIRT | Mako Georgiadou | [96][97] |
Ungarn | MTV | MTV1 | Ukjend, sendt i opptak 20. april 1975 | [98] |
Austerrike | ORF | FS2 | Ernst Grissemann | [88][99] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.