Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland.[a] Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district (de Wallen), dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla «Nordens Venezia».[2] Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.[3][4]
Amsterdam | |||
hovudstad | |||
Montelbaanstoren (1512) ved Oude Schans. | |||
|
|||
Motto: Heldhaftig, Vastberaden, Barmhartig – «Tapper, Målbevisst, Miskunnsam» | |||
Kallenamn: Mokum | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Provins | Noord-Holland | ||
Del av | Amstelland | ||
Areal | 219 km² | ||
Folketal | 921 468 (januar 2023)[1] | ||
Amsterdam 52.366666666667°N 4.8833333333333°E | |||
Kart som viser Amsterdam.
| |||
Wikimedia Commons: Amsterdam | |||
Byen vart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verta den største byen i Nederland med om lag 921 468 innbyggjarar. Storbyområdet har om lag 1,5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området (agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar), som i alt har 6,5 millionar innbyggjarar.
Amsterdam vart grunnlagt på eit tidspunkt på 1200-talet då det fanst eit fiskarsamfunn på breddene åt elva Amstel. I 1204 oppførte Giesebrecht II, herre til Amstel, borga «t’Aemstel», og seinare anla son hans ein dam (demning) for å kunna lukke elva for vatn frå IJsselmeer. Dermed vart det laga ei naturleg hamn ved utløpet av elva Amstel.
Amstelledamme (det gamle namnet på Amsterdam) vart første gong omtala i 1275, då grev Floris IV av Holland gav byen visse privilegium. I 1296 kom byen, som herren av Amstel hadde hatt i len, direkte under greven av Holland. Den første forfatninga si fekk byen i år 1300, og i det følgjande århundret fekk Amsterdam utstrakte privilegium og voks særleg ved å verta ein tilfluktsstad for dei utviste kjøpmennene frå Brabant.
Byen tok ivrig del i handelen på Austersjøen. På Skånemarknaden var amsterdammarane dei mest framtredande mellom dei hollandske kjøpmennene. Som medlem av Hansaforbundet tok Amsterdam del i krigen mot Valdemar Atterdag. I 1482 vart byen erobra. På 1500-talet fekk byen eit nytt oppsving, ikkje minst ved den stadig aukande austersjøhandelen. Da den nederlandske fridomskrigen braut ut, heldt Amsterdam seg ei tid utanfor; først i 1578 slutta Amsterdam seg til opprøret. Då Antwerpen vart erobra av Spania og handelen der øydelagt, vart Amsterdam dermed kvitt den farlegaste konkurrenten sin, og på den tida byrja den eigentlege storheitstida for byen.
Mot slutten av 1500-talet vart byen ein fristad for jødar, som mellom anna flykta frå Den spanske inkvisisjonen. Dei grunnla ein omfattande diamanthandel som byen har halde på sidan. Mellom 1585 og 1595 vart folketalet i Amsterdam mesta dobla.
På 1600-talet var byen ein av verdas leiande finans- og sjøfartsbyar og sentrum for den nederlandske kolonimakta. I 1602 vart Det nederlandske austindiakompaniet oppretta, i 1621 Det vestindiske handelskompani; i 1622 hadde Amsterdam 100 000 innbyggjarar og var ein av dei største byane i Europa. Amsterdam gjorde kraftig motstand mot overgrepa frå stathaldarane. I 1650 prøvde prins Vilhelm II forgjeves å taka over byen, og likeleis var erobringstoget til Ludvig XIV av Frankrike i 1672 mislukka.
Ved midten av 1700-talet var Amsterdam den førande handelsstaden i Europa. I 1787 vart Amsterdam erobra av prøyssarane, i 1795 av Frankrike, og byen vart deretter gjort til hovudstad i Den bataviske republikken og frå 1808 i Kongeriket Holland. Då dette i 1810 vart lagt under det franske keisarriket, vart Amsterdam den tredje største byen der. Etter den vesentlege nedgangen i handel og folketal som napoleonstida medførte, vart det igjen ei sterk utvikling, og Amsterdam vart atter ein av verdas rikaste byar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.