From Wikipedia, the free encyclopedia
Den guddommelege komedie (italiensk La Divina commedia), skriven av florentinaren Dante Alighieri mellom 1308 og 1321, vert rekna som det viktigaste eposet i italiensk litteratur, og eit viktig verk i verdslitteraturen.
La Divina Commedia | |||
| |||
Forfattar(ar) | Dante Alighieri | ||
---|---|---|---|
Språk | toskansk, italiensk | ||
Blei til | 1320 | ||
Sjanger | epos |
Henrik Rytter byrja ei attdikting til nynorsk, som vart fullført av Sigmund Skard. Dette har lenge vore den rådande norske utgåva av Komedien. Ei nyare omsetjing av Magnus Ulleland er særs nær originalen, men kan vera tunglesen. Ulleland skriv i føreordet sitt at han freistar å ta vare på den munnlege stilen Dante sjølv sprang utor:
Komedien er bygd opp i tre bolkar: Inferno (Helvete), Purgatorio (Skiringsheimen) og Paradiset. Kvar bolk har 33 songar, pluss ein opningssong, slik at talet på songar vert hundre i alt. Den første, vandringa, vert rekna til Inferno-delen.
Handlinga byrjar med at Dante går einsam i ein forvillande skog, og råkar på diktaren Vergil. Vergil fekk bod frå Beatrice, St. Lucia og Maria møy om at Dante var i naud, og er beden om å syne han vegen gjennom helvete.
Hjå Dante er Helvete delt inn i ni krinsar som smalnar nedetter til midten av jorda. Opninga til Helvete kan ein finne meir eller mindre beint under Jerusalem, som vart rekna som midten av verda på Dante si tid.
Innanfor porten til Helvete finn ein først dei likesæle, som vert plaga av mengder med fluger og veps, og som er dømde til å renne utan mål og meining etter ei fane som støtt flytter på seg. Desse tykkjest vera uhorveleg mange, men er rekna som gløymde. For å kome vidare lyt Dante krysse elva Acheron.
Alle desse krinsane ligg ovanfor elva Styx. Dei som hamna her, låg under for dødssyndene på eit eller anna vis.
Etter den sjuande krinsen kjem Dante til eit ovende stort stup, der dei farande treng hjelp frå udyret Geryon. Dei to siste krinsane ligg nedanfor:
Nedanfor åttande krinsen ligg det nok eit stup, og nedanfor her finn ein siste krins i Helvete:
Skiringsheimen er på eit høgt berg, Skiringsfjellet. Hit kjem Dante etter å ha fare gjennom jorda og ut på andre sida. Nedanfor porten finn Dante dei sjelene som skal opp, først dei bannlyste, så dei forsømelege, dei som vart drepne ved vald, og så fyrstane, med og utan avlat.
Ved porten til sjølve Skiringsheimen sit det ein engel med nøklar som har løyve til å opne for dei. Han set sju teikn på panna til Dante, som vert viska av etter som han fer oppetter berget. Berget er delt inn etter dei sju dødssyndene.
Ovanfor desse finn Dante det jordiske paradiset, og møter att Beatrice, ungdomskjærleiken han seinare gløymde. Før han får løyve til å fara opp til paradiset, lyt han vaske seg i elva Lethe, og gløyme den tidlegare synda si. Han vert òg tilgjeven av Beatrice. Når han er komen hit, seier Vergil farvel til han, av di han ikkje har løyve til å følgje Dante lenger.
Paradiset er avdelt i himlar etter den ptolemeiske modellen. På kvar himmel er det fest ein planet, og kvar planet syner ånder som på eit vis er knytt til den planeten, sjølv om dei alle er like sæle i same paradistilvære.
Ovanfor her finn ein Primum Mobile, eller fiksstjernehimmelen, og så Himmelrosa.
I Himmelrosa sit mange frå Bibelen og ei rekkje helgenar. Først Maria møy, St. Peter, Adam, Moses og evangelisten Johannes. Nedanfor Maria sit Eva, Rakel og Beatrice, Sara, Rebekka, Judit og Rut.
På hi sida sit Augustin, Benedict av Nursia, Frans av Assissi, Lucia og døyparen Johannes, dessutan Anna, mor til Maria møy.
Over Himmelrosa flyg englekora kring gudstrona i ni krinsar, og øvst finn Dante Gud, synt som tre ringar, Faderen, Sonen og Den heilage anden.
Øvst i paradiset stansar Beatrice, og siste luten av ferda er Dante synt vegen av Bernhard av Clairvaux.
Ei vanleg tolking er at Vergil tyder fornuften, og Beatrice teologien. Bernhard, som syner Dante fram den siste vegbeten tyder mystikken, sidan teologien ikkje gagnar meir når ein kjem for nær Gud.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.