Remove ads
norsk lyrikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Henrik Grytnes Rytter (18. januar 1877–18. september 1950) var ein norsk lyrikar, dramatiker og omsetjar. Han er særleg kjend for sitt omfattande arbeid med å omsetja 23 av William Shakespeare sine verk til nynorsk, og for gjendiktinga av Peer Gynt i 1949.
Henrik Rytter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1877 Roan kommune |
Død |
18. september 1950 (73 år) |
Yrke | lingvist, omsetjar, lyrikar |
Born | Olav Rytter |
Rytter var av bondeslekt, og son av ein lærer. Han var fødd i Roan og oppvaksen i Haram. Han tok middelskoleeksamen i Volda, var huslærer i Dovre og tok eksamen på Volda lærarskule i 1899. Han var lærer fleire stadar, frå 1908 ved Møre Folkehøgskule. Han dreiv ein eigen folkehøgskole på Gimnes frå 1913, men måtte gje opp etter tre år. Etter detta gav han opp læraryrket og flytta til Oslo-området, der han busette seg på Hvaler[1] og seinare på Geilo. Han «starta som 40-åring på ein ny karriereveg. No ville han vere litterat på heiltid.»[2] Her var han konsulent ved Det Norske Teatret, litteraturkritikar i Den 17de Mai og redaktør av Norsk Ungdom eit kort bel og av Ung-Norig 1924-26. Han sat fengsla på Bredtveit under krigen.
Rytter debuterte i 1907 med stykket Dømde, og følgde opp med Bråhamaren (1917), Herman Ravn (1924), Våren (1926), Elva (1937) og Prestegarden og øya (1941). Alle skodespela vart oppførte på Det Norske Teatret. Diktsamlingane hans var Båra (1919), Øya (1920), trilogien Jordsonen (1925) – Skålane (1926) – Vokune (1927), Eros (1928) og Likevel -! (1950).
I tillegg til Shakespeare og Ibsen (både Peer Gynt og Kongsemnerne) omsette han mellom anna Den guddommelege komedie til nynorsk og Dekameronen til bokmål (i fire illustrerte band) Rytter skreiv òg høyrespela Dei bortkomne (produsert 1940) og Trollelgen (etter Mikkjel Fønhus, produsert 1940).
Han var far til Olav Rytter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.