Remove ads
kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Rut, Rutt og Ruth er mest kjend og brukt som eit bibelsk kvinnenamn med hebraisk bakgrunn. Det finst òg som mannsnamn og slektsnamn, då gjerne med norrønt opphav. Variantar av kvinnenamnet er portugisisk Rute og dei engelske kjælenamna Rue og Ruthie.
Namnet er blitt mykje brukt i både jødisk og kristen namnetradisjon. Ruth var eitt av dei ti mest brukte namna i USA mellom 1900 og 1930.
Rut har namnedag i Noreg den 28. november og i Sverige den 4. januar. Ein feirar Ruth i Danmark den 8. august og i Frankrike den 2. oktober.
Historia om Rut, som valde eit jødisk liv sjølv om det førte med seg armod og utlegd, blir fortald i Ruts bok. Den hebraiske tydinga av namnet er noko uklar, men det tyder truleg venn, vennleg eller ei som følgjer.
Det norrøne mannsnamnet Rut tyder 'bukk'. I soga om Olav den heilage høyrer me om ein Rut frå Viggja som blir slakta som ein bukk på heilag-Olav sine ordre.
Rut og Ruth er begge engelske slektsnamn. Rut er òg blitt brukt som ein namnedel i engelske stadnamn, som grevskapet Rutland i Midlands og det oppdikta grevskapet Rutshire i bøker av Jilly Cooper.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.