Jakob , Jacob eller Jakop er eit mannsnamn av hebraisk opphav. Andre namneformer er James (engelsk ) og Jeppe (dansk ).
Tydinga er omstridd:
I fotnote til 1. Mosebok 25.26 skriv Bibelselskapet (1985) at namnet vert sett i samanheng med å halde i hælen eller narre, lure .
Olav Veka i Namneboka (1991) oppgjev at tydinga kanskje er Gud må verne .
Jakob har norsk namnedag den 25. juli .
Namnet har vore mykje brukt i Noreg, heilt sidan 1300-talet , men fall i popularitet ut over 1900-talet . Dei siste åra har namnet auka kraftig i popularitet. Utvikling i bruken av namnet:
1801: Ca. 8 700
1900: Ca. 14 000
2007: Ca. 5 500
Jakob slåst med engelen
Jakob, skotske kongar av huset Stuart (engelsk James ).
Jacob Grimm (1785-1863), tysk eventyrsamlar
Jakob Sverdrup (1845-1899), norsk prest og stortingsmann
Jacob Breda Bull (1853-1930), norsk prest og forfattar
Jakob Fjelde (1859-1896), norsk-amerikansk bilethoggar
Jacob A. Riis , dansk-amerikansk journalist og fotograf
Jakob Jakobsen (1864-1918), færøysk språkforskar
Jacob Stenersen Worm-Müller (1884-1963), norsk historikar
Jakob Grubbe Cock Schetelig (1875-1935), norsk geolog
Jakob Bjerknes (1897-1945), norsk-amerikansk meteorolog
Jakob Martin Pettersen (1899-1970), norsk politikar
Jakob Sande (1906-1967), norsk diktar
Jakob Weidemann (1923-2001), norsk kunstnar
Jakob Kjersem (1925-2009), norsk langdistanseløpar
Jacob Young (f. 1970), norsk jazzmusikar
Jakob Poulsen (f. 1983), dansk fotballspelar