amerikansk skribent og fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia
Jacob August Riis (fødd 3. mai 1849 i Ribe, død 26. mai 1914) var ein dansk-amerikansk journalist, sosial reformator, føredragshaldar, fotograf, forfattar og filantrop.
Jacob A. Riis | |
Statsborgarskap | USA, Kongeriket Danmark |
Fødd | 3. mai 1849 Ribe |
Død |
26. mai 1914 (65 år) |
Yrke | fotograf, skribent, journalist, pressefotograf, biograf, sosiolog |
Sjanger | social documentary photography |
Ektefelle | Elisabeth Riis |
Jacob A. Riis på Commons |
Etter å ha utdanna seg til tømrar emigrerte han til USA i 1870. Her arbeidde han mellom anna som tømrar og gruvearbeidar før han blei journalist og arbeidde som krimreportar i over 30 år. I tida som arbeidslaus opplevde han med sjølvsyn tilhøva for dei fattige, eller «den andre helvta», "The Other Half", som han sjølv sa det. Han byrja å ta bilete av slumstroka i storbyen New York. Bileta blei brukt i den fotojournalistiske boka How the Other Half Lives, og medverka til å setje ein ny sosial dagsorden i USA. Han gjorde også ein monaleg filantropisk innsats, delvis saman med venen og seinare president Theodore Roosevelt.
Saman med amerikanaren Lewis Hine (1874 - 1940) blir Riis rekna som den fyrste eigentlege dokumentarfotografen. Etter at han døydde fekk ein samskipnad med det føremål å hjelpe danskar i Amerika namn etter han.
10. august 1900 blei han Ridder av Dannebrog.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.