Adam
mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Adam er eit mannsnamn med hebraisk opphav og tyder menneske. Den latinske forma av namnet er Adamus.
- For den bibelske personen Adam, sjå Adam og Eva.


Namnet kan òg brukast som etternamn, anten i same form som førenamnet eller som patronym, slik som Adams eller Adamsen. Ein kjend målarfamilie frå München heitte Adam.
Namnet Adam har vorte brukt i Noreg sidan 1400-talet.
Namnedagar
Adam har namnedag 24. desember i Noreg og 23. desember i Sverige.
Kjende namneberarar
Adam som førenamn

- Den bibelske Adam, som i jødedommen, kristendommen og islam er sett på som det mannlege opphavet til menneskja
- Adam av Bremen , tysk mellomalderprest
- Adam Weishaupt (1748-1830), tysk jurist og grunnleggjar av Illuminati
- Adam Ludvig Lewenhaupt (1659-1719), svensk general og greve
- Gustaf Adam Taube (1673-1732), svensk greve
- Adam Smith (1723-1790), skotsk økonom
- Johan Adam Cronstedt (1749 - 1836), svensk greve og offiser
- Adam Oehlenschläger (1779-1850), dansk romantisk forfattar
- Adam Egede-Nissen (1868-1953), norsk postmann og politikar
- Adam Sandler (f. 1966), amerikansk komikar og skodespelar.
- Adam Alsing, (f. 1968), svensk programleiar
- Adam Małysz, (f. 1972), polsk skihoppar
Adam som slektsnamn

- Melchior Adam, (1575-1672) tysk litteraturhistorikar
- Robert Adam (1728-1792), skotsk arkitekt
- Johann Friedrich Adam (1780-1838), tysk botanikar som seinare skifta namn til Michael Friedrich Adams
- Albrecht Adam (1786-1862), tysk målar
- Adolphe Adam (1803-1856), fransk komponist og kritikar
- Benno Adam (1812-1892) tysk målar, son til Albrecht
Bakgrunnsstoff
- SSB - namnestatistikk for mannsnamnet Adam i Noreg.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.