svovelmineral From Wikipedia, the free encyclopedia
Barytt er eit tungspat, rombisk mineral som består av bariumsulfat, BaSO4. Fargen er oftast kvit, grå, gul eller blå. Det finst særleg på hydrotermale gonger og som konkresjonar i sediment. I Noreg er det funne mellom anna i Kongsberg og Tråk i Bamble.
Barytt | |||
Baryttkrystallar frå Cerro Huarihuyn i Mirafneelores i Huamalíes i Huánuco i Peru | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral, baryttgruppa | ||
Kjemisk formel | BaSO4 | ||
Strunz-klassifisering | 07.AD.35 | ||
Dana-klassifisering | 28.03.01.01 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk (2/m 2/m 2/m) dipyramidal | ||
Einingscelle | a = 8.884(2) Å, b = 5.457(3) Å, c = 7.157(2) Å; A = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit, lyseblå, gul, grå, brun | ||
Krystallform | Søyleforma parallell til base, trådaktig, kuleforma til massive | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | perfekt kløyv parallell til basen og prismesider: {001} perfekt, {210} perfekt, {010} uperfekt | ||
Brot | Ujamn/Ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3-3.5 | ||
Glans | Glasaktig, perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 4.3–5 | ||
Tettleik | 4.48 g/cm3[1] | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa positiv | ||
Brytingsindeks | nα = 1.634–1.637 nβ = 1.636–1.638 nγ = 1.646–1.648 | ||
Dobbeltbryting | 0.012 | ||
Smeltbarheit | 4, gulaktig grøn bariumflamme | ||
Kjenneteikn | kvit farge, høg spesifikk vekt, karakteristisk kløyv og krystallar | ||
Oppløyselegheit | låg | ||
Kjelder | [2][3][4][5] |
Barytt er det viktigaste råstoffet for framstilling av andre bariumsambindingar. Det har store bruksområde ved produksjon av kvite fargar og blir brukt som fyllstoff i papir og appretur i tekstilindustrien. Store mengder blir nytta på grunn av den høge densiteten i boreslam til petroleumsboring. Verdsproduksjonen ligg på omkring 6 millionar tonn, med Kina og India som dei største produsentane.
Til baryttgruppen høyrer òg minerala cølestin SrSO4 og anglesitt PbSO4.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.