From Wikipedia, the free encyclopedia
Agatha Mary Clarissa Christie (15. september 1890–12. januar 1976), fødd Miller, var ein engelsk forfattar. Som Agatha Christie blei ho verdskjend for kriminalforteljingane sine, særleg dei om detektivheltane Miss Marple og Hercule Poirot, og har fått tilnamnet «Krimdronninga», the Queen of Crime. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og er med rundt fire milliardar selde bøker blitt rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene. Ei rekke av forteljingane hennar er blitt filma og laga om til fjernsynsseriar. Christie gav òg ut stoff, særleg ikkje-krim, under løyndenamnet Mary Westmacott.
Agatha Christie | |
Pseudonym | Mary Westmacott |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 15. september 1890 Torquay, Ashfield |
Død |
12. januar 1976 (85 år) |
Yrke | sjukepleiar, skribent, romanforfattar, manusforfattar, dramaturg, prosaforfatter, sjølvbiograf, lyrikar, skodespelforfattar, krimforfatter, arkeolog |
Språk | engelsk |
Sjanger | Kriminalroman, eventyrroman, sjølvbiografi, detektivforteljing |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Far | Frederick Alvah Miller |
Mor | Clarisa Margaret Boehmer |
Ektefelle | Max Mallowan, Archie Christie |
Born | Rosalind Hicks |
Agatha Christie på Commons |
Agatha Miller var fødd i Torquay i det engelske grevskapet Devon som den yngste av tre. Foreldra var den amerikanske meklaren Frederick Alvah Miller og den britiske offisersdottera Clarissa Margaret Boehmer. Faren døydde då ho var elleve år gammal.
Familien Miller var rimeleg velståande, og Agatha fekk utdanninga si heime, før ho blei send til skole i Paris som sekstenåring. Ho lærte å snakka godt tysk og fransk og å spela piano, og mora tenkte seg at dottera kunne bli songarinne, samtidig som ho også oppmuntra henne til å skriva. Heimen hadde ei stor boksamling, og som ung las Agatha mykje. Særleg likte ho forteljingane om Sherlock Holmes.
Agatha var først forlova med majoren Reggie Lucy, men gifta seg med Archibald Christie, som var løytnant i luftvåpenet, den 24. desember 1914. Medan han var jagarpilot under den første verdskrigen, fekk ho arbeid som sjukepleiar. Dei to fekk dottera Rosalind i 1919. Ekteskapet var ikkje lukkeleg, og dei skilde seg i 1928. Saman med mora sin død skal oppdaginga av at Archibald var utru ha ført til eit samanbrot der Agatha mista minnet.
Agatha Christie gifta seg igjen i 1930, med den Max Mallowan, ein ung og lovande arkeolog. Dei reiste mykje rundt saman, til dømes i Egypt og Irak, og fleire av bøkene til Christie er lagde til desse stadene. Dei to flytta tilbake til England i 1950-åra, då helsa til Christie blei skralare.
I 1971 blei Agatha Christie adla som Dame Commander of the Order of the British Empire. Ho døydde i 1976, 85 år gammal, i Cholsey nær Wallingford i Oxfordshire, der ho også blei gravlagd.
Det var medan ho arbeidde på sjukehus under første verdskrigen at Christie fekk idéen om å skriva ei bok. Den blei ferdig på eitt år, men kom først ut fem år seinare, i 1920, og blei populær. Hovudpersonen i boka var den særprega belgiaren Hercule Poirot, som skulle bli hennar mest populære detektiv. Christie brukte farmasikunna si i denne og ei rekke andre historier ved å la mordet utførast med gift.
Etter dette skreiv forfattaren ei blanding av kriminal-, spennings- og spionforteljingar. Desse gjorde ikkje så stort inntrykk som den nye Poirot-boka The Murder of Roger Ackroyd, som kom ut i 1925. Mordmysteriet og den uventa løysinga skapte ein sensasjon i England, og er blitt hylla som eit meisterverk i krim.
I 1930 introduserte Christie ein ukonvensjonell person til å løysa krimgåtene sine, den eldre frøkna Miss Marple. I tillegg til Poirot og Marple hadde ho ein del mindre brukte heltar, som Tommy og Tuppence og Parker Pyne, og nokre krimgåter utan ein særskilt etterforskar. Ho gjekk likevel etter kvart vekk frå det breie heltegalleriet sitt og konsentrerte seg om dei som fungerte best, særleg Poirot, som ho til slutt skreiv over tretti bøker om.
På same måte som Conan Doyle blei lei av Sherlock Holmes byrja også Christie etterkvart å mislika Poirot sterkt, men ho gjekk aldri så langt som å ta livet av den populære detektiven, slik Doyle prøvde. I staden skreiv ho eit siste mysterium for Poirot (og eitt for Miss Marple) under andre verdskrigen som skulle gjevast ut etter at ho døydde, men heldt fram med å gje dei mange lesarane sine det dei ville ha.
Åra mellom 1934 og 1941 er blitt kalla gullalderen til Christie, og ligg nær gullalderen til detektivromansjangeren. I denne perioden skreiv ho The ABC Murders, Murder in Mesopotamia og Ten little niggers (And Then There Were None), som er blitt rekna som krimklassikarar.
Under andre verdskrigen skreiv Christie fleire bøker om Miss Marple og gav Poirot ein pause. Etter krigen var ho mykje i Midtausten, og la handlinga der. I dei seinare åra av forfattarskapet er produksjonen hennar rekna som meir blanda, sjølv om ein også her finn utsøkte mysterium, som The mirror crack'd from side to side og The Clocks.
Forteljingane til Christie handlar gjerne om eitt eller fleire mord der ein prøver å finna gjerningsmannen. Ho har likevel òg skildra mindre brotsverk, som tjuveri og forfalskingar, og store konspirasjonar, der vonde organisasjonar har samansverga seg mot verda. Bøkene inneheld lite vald og gru, sjølv om dei dreier seg om drap. Det meste av handlinga går føre seg i rolege omgjevnadar, i heimane til rimeleg velståande folk, på reiser eller på kontor.
Krimhistoriene går gjerne føre seg i eit lukka selskap, der ein eller fleire av personane må vera skuldig. Forfattaren hadde som sin spesialitet å overraska lesaren med kven som stod bak brotsverket. Ho kunne kunsten å villeia både sine eigne hovudpersonar og dei som las, slik at mordaren nesten alltid var den ein minst hadde venta.
I tillegg til å utforska ei kriminalgåte, gjev Christie ein smak av den engelske samtida si, med eit vaklande klassesystem, aukande tenarmangel, fordommar mot utlendingar og andre observasjonar.
Ein stor del av bøkene til Christie finn stad på den engelske landsbygda, typisk blant overklassen, der morda gjerne finn stad i eit herskapshus. Mange forteljingar er lagt til området rundt Torquay i Devon, der ho voks opp. Dei ulike landsbyane i forteljingane til Christie er alle bygd over ein lest, som isolerte, «typisk engelske» småsamfunn med fleire folk over middelalderen enn under, stor tettleik av bridgespelarar og prestar, og eit konservativt samfunnssyn tett opp mot Christie sitt eige er gjeldande.
På grunnlag av åra ho var meir eller mindre busett i Midtausten la Christie også fleire soger dit, der Death Comes as the End (norsk Det ender med døden) går føre seg i det gamle Egypt. Nokre mysterium finn også stad blant eit reiseselskap, som i Murder on the Orient Express (Mord på Orientekspressen), ei bok som blei skriven i Istanbul i Tyrkia, den sørlege endestasjonen for denne toglinja.
Christie er blitt skulda for å skriva «flate» personlegdommar og enkle forteljingar. Nettopp dette kan vera årsaka til populariteten hennar. Ved å bruka eit avgrensa ordforråd, lite detaljskildring men i staden mykje naturleg samtale og repetisjon, let ho lesaren konsentrera seg om mysteriet. Ved å ikkje skildra personane eller stadene som opptrer for mykje, blir forteljingane meir tidlause, og lettare å skjøna for lesarar frå ein kvar bakgrunn. Verka til Christie merker seg også ut ved å bruka koselege heller enn valdsame ord, trass i drapa og valden ho skildrar.
Agatha Christie blei populær frå ho gav ut første boka si. Den første boka, The Mysterious Affair at Styles (1921) gjekk inn på bestseljarlista i 1922, og etter det var Christie aldri ute av lista gjennom resten av livet sitt. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og har selt om lag fire milliardar bøker til saman. Ho er rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene av mellom anna Guinness rekordbok, og er lista som den mest omsette enkeltforfattaren av UNESCO, berre overgått av Walt Disney-konsernet.[1]
Skodespelet The Mousetrap hadde premiere i London i 1952 og er sidan blitt spelt utan stopp, slik at det med over 20 000 framføringar i 2008 har rekorden for den lengste opningssesongen for noko teaterstykke.
Ten Little Niggers, som seinare fekk det mindre støytande namnet And Then There Were None, er med over 100 millionar selde kopiar rekna som den bestseljande krimboka gjennom tidene.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.