Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Egypt i oldtida eller det gamle Egypt er historia om den egyptiske statsdanninga som vart til kring 3300 f.Kr. og vara i to tusen år; arkeologiske funn tyder på at det eksisterte eit utvikla samfunn i Egypt òg lenge før denne epoken. Pyramidene ved Giza, som vart bygd under det fjerde dynastiet, er symbol på makta til religionen og staten. Den største pyramiden, Kheopspyramiden, er den einaste attverande av sju underverk i oldtida. Det gamle Egypt nådde høgda av si makt, rikdom og utbreiing i Det nye riket (1567-1085 f.Kr.). Egyptarane nådde Kreta kring 2000 f.Kr. og vart invadert av indoeuropearar og eit folkeslag kalla hyksos. Dei sigra over inntrengjarane kring 1570 f.Kr. og ekspanderte mot Egearhavet, Sudan, Libya og store delar av Sørvest-Asia, så langt som til elva Eufrat.
Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr. |
Den årlege overflauminga av Nilen gjorde at jordbruket i Egypt tidleg produserte eit stort nok overskot til å oppretthalde ein rik sivilisasjon. Eit egyptisk rike blei grunnlagd i 3200 f.Kr av kong Narmer, og ulike dynasti kom til å styre dette området som ei eining i nærare 3000 år framover. Egypt i oldtida var styrt av faraoar, som gjorde krav på å stamme frå gudane. Pyramidane i Egypt stammar frå denne tida, det same gjer dei kjende gravkamra i Konganes Dal der grava til Tutankhamon blei funne i 1922.
Egyptarane i oldtida hadde ein sedvane med å mumifisera avdøde menneske. Dei meinte mumifisering var naudsynt for å sikra eit endelaust liv etter døden. Dei første mumifiseringane gjekk ut på å lata menneska tørka i ørkensanden. Moderne egyptisk mumifisering involverte fjerning av indre organ, fjerning av heilen gjennom nasen, og tørking av kroppen ved hjelp av natriumkarbonat. Kroppen blei deretter pakka inn med linbandasjar og plassert i ein dekorert kiste. Rike egyptarar og faraoar blei ofte gravlagde med sin rikdom.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.