![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0b/Chromosome.svg/langnn-640px-Chromosome.svg.png&w=640&q=50)
Kromosom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit kromosom er eit kompleks av omslått og organisert kromatin inni celler, og er samansett av DNA, protein og RNA.[1][2] Det informasjonsbringande makromolekylet er sett saman av dobbelstrenga DNA og inneheld gen, regulatoriske element og anna ikkje-kodande DNA (søppel-DNA). Dei DNA-bundne makromolekyla er protein og dei bidreg til å pakke inn og regulere DNA. Kromosom er veldig varierande i ulike artar, og somme har plasmid eller anna ekstrakromosomalt DNA attåt.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0b/Chromosome.svg/640px-Chromosome.svg.png)
Samanpressing av dei dupliserte (doble) kromosoma ved mitose og meiose kan skapa ein firearma struktur (sjå bilete til høgre) viss sentromeren ligg midt på kromosomet; toarma viss den ligg nær ein av endane.[3] Kromosomal rekombinasjon under meiose spelar ei viktig rolle for det genetiske mangfaldet,[4] men strukturane kan feilkombinerast i høve av til dømes kromosomal instabilitet eller kromosomal translokasjon og føra til sjukdom.[5] Dette kan drive cella inn i mitotisk katastrofe og resulterande død. Viss cella likevel unngår apoptose kan det stundom føra til progresjon av kreft.